Arkivfoto

God steming og ditto aktivitet på julemessa på Fitjartun. Foto: Håkon C. Hartvedt

God stemning

– Fleire av utstillarane gjev tilbakemelding på at dei likar å stille ut på julemessa i FItjartun. Det synest leiar i Fitjar Husflidlag, Petra Espevoll, er kjekt å høyre.

– Det er dette laget lever av, slik får me pengar til drifta, seier Petra som altså har all grunn til å vere nøgd. For fullt var det av utstillarar, både oppe og nede – i alt 26 utstillarar. 

 Mykje spennande var det å sjå i år og. Både strikke- og syprodukt – og bakarvarer av ymse slag. Mest spesielt var i år var nok  ei bod der dei selde vanlege produkt laga av gummi. Elles var det smykke, trevarer og meire til som det skal vere på ei julemesse. 

På plass i år òg. Martin Nygård sel julevarer for dottera Marit og var med for 12. gong i år. Han har og delteke på julemesse fleire andre stadar, som t.d. Dåfjorden, Stord, Vikebygd, Fusa, og Halsnøy. – Eg likar å snakke med folk, så dette er kjekt, smiler han.

 

Sylvi Nysæther. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Tidlegare Sunnhordland-redaktør, Steinar Hystad, har hatt stor suksess med lokale bøker. I år har han kome med  to nye:
«Vikjo» med før og no-bilete og ein bok om Stord-tenåringar som dro til sjøs. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Anne-Bjørg K. Steen frå Rolfsnes på Bømo er mellom dei som stiller på fleire messer. Ho selde nydelege smykke. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tilde Helland likte lynlotteriet, og var godt nøgd med å vinne fire smågevinstar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Også i år var det lynlotteri. Ei fin tradisjon der husflidslaget gjev overskotet av lotterisalet  til Fitjar vgs sitt prosjekt til inntekt for barn og eldre i Bobrinetz i Ukraina.