Glade gutar jublar for kretsmeistertittelen. Foto: Kjetil Rydland.

Gutane vann KM-finalen!

16-årslaget til Fitjar er kretsmeister etter å ha slege Vestsiden-Askøy 2 i rein oppvisningsstil på kunstgraset søndag ettermiddag. 

Fitjar sine mest lovande gutar let cupfinalen i Oslo vera cupfinale og stilte topp motiverte til lokal cupfinale om kretsmeistertittelen. Det same gjorde nærmare 200 frostige tilskodarar og nesten like mange bilar.

16-årslaget har ein suveren sesong bak seg, og avslutningskampen blei like suveren. I dagens KM-finale stilte dei med åtte mann som har spelt A-lagsfotball i år, og var eit klart hakk betre enn motstandarane sine frå Askøy. Og banens beste har me ikkje sett på A-laget i år. Unge Leander Reigstad spelte ein ny suveren kamp på midtbanen, utan å gjera ein einaste feil. 


Leander Reigstad t.v. – banens beste mot Vestsiden/Askøy. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fitjar tok leiinga 1-0 på eit sjølvmål etter sju minutts spel, og berre to minutt seinare scora Jonas Aleksandersen på eit flott frispark frå hjørnet av 16-meteren. Eit typisk Jonas-mål. Og derfrå og inn var det berre eit spørsmål kor stor sigeren ville bli. Daniel Skarpnes sette inn 3-0, og Marius Helland Storebø la på til 4-0. Det kunne lett ha blitt endå fleire mål i første omgang, men med 4-0 til Fitjar var kampen avgjort.

 


Marius Helland Storebø blir spelt fri av Leander Reigstad, og scorar sikkert. Foto: Kjetil Rydland.

Andre omgang blei litt meir rotete, og Vestsiden-Askøy kom til eit par store sjansar. Blant anna eit skot i stolperota, og ved eit anna høve måtte Jacob Mehammer heilt opp i vinkelen og visa at han er ein god keeper. Men Fitjar hadde dei fleste store sjansane også etter pause, og det kunne lett blitt endå fleire mål.

Men 4-0 i ein KM-finale er eit imponerande resultat av eit lovande lag. Gutane spelte god fotball kampen igjennom, og viste på nytt at dei har god fotballforståing. Med gode midtbanespelarar som har blikk, plasseringsevne og pasningsføter går det an å spela bra fotball. I tillegg er laget jamt besett på alle plassar, og det er kjekt å sjå at dei prøver på det dei har trent på gjennom heile kampen.

Me takkar for god underhaldning og gratulerer med kretsmeistertittelen. 


Om lag 200 tilskodarar hadde funne vegen til kunstgraset og KM-finalen søndag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Kristian Træet (Kristian Prestbø 41.), Markus Gerhardsen, Svein Arne J. Raunholm, Jonas Moldskred (Daniel Rolfsnes 51.), Jonas Aleksandersen, Arild Fitjar Waage (Jone Nysæther 73.), Leander Reigstad, Markus Helland Tislevoll (Mats Vik 75.), Marius Helland Storebø, Daniel Skarpnes (André Lønning 76.).