Elevane har det godt på Fitjar vgs. Her ifrå ei feststund. Foto: FP-arkiv/HCH

 

Ny kamp for påbyggingsklassane

I vedtaket som vart gjort då Fitjar vgs i 2015 fekk grønt lys for fortsetjing, vart det sagt at ein måtte vurdere om påbyggingsklassane bør flyttast til Stord. No ser det ut som at fylket har oppfatta dette som skal. Det reagerer både rektor Leif Helge Engelsen og ordførar Wenche Tislevoll på.

I innstillinga til møtet i Yrkesopplæringsnemnda i Bergen 24.11. er den eine av dei to påbyggingklassane flytta til Stord vgs.

– No må me må igjen bretta opp armane og setja vår lit til politikarane at dei ser verdien av å ha to klassar påbygging ved skulen, seier rektor Leif Helge Engelsen ved Fitjar vgs.

Skulen har og spissa argumenta som syner kvifor det er best at desse elevane vert verande på FItjar.

Ordførar Wenche Tislevoll har rekna litt på dette. Statistikken syner at ein elev på Stord vgs kostar 114 000 kroner i året, medan ein elev på Fitjar vgs kostar 108 000 kr. Reknar ein dette ut på ein  klasse på 30 elevar, vil det såleis vere 180 000 kroner billegare å ha desse elevane på Fitjar.

– No gjeld det at skulen ikkje vert tappa ved forflytning av elevar, men fortsett kan framstå like robust og viktig som han er i dag, seier ho.