Atle Tornes. Foto: Harald Johan Sandvik

Ombygging av sjukeheimen

Det vert mellombels færre plassar på FBB.

I saksutgreiinga skriv rådmannen at det er to grunnar til at ein planlegg ei endring på FBB no. Den eine er at ein må få ned kostnadene i omsorgssektoren, det andre er at etterspurnaden har endra seg, det har vore 20 dødsfall på FBB og Havnahuset i år. Dermed har det blitt ståande tome plassar.

I vurderinga som er gjort med tanke på effektivisering og innsparing, peikar demensavdelinga seg ut som ekstra urasjonell. Den bør byggjast om for å få meir moderne og oversiktleg drift. I statsbudsjettet ligg det føringar for at ein kortar inn tida for å søkja midlar til ombygging av eldre sjukeheimar, og dermed er denne ombygginga ei hastesak. Vidare vil ein difor få tilskot berre til nye plassar. Ei ombygging må også ta høgde for eit auka tal eldre framover, og dermed innehalda totalt fleire plassar.

Stord kommune har ei tid leigt to plassar på FBB. Dei har også vidare eit stort behov for sjukeheimsplassar, difor kan dei få tilbod om tre plassar til fram til hausten 2017. Det er det tidlegaste tidspunktet ein kan tenkja oppstart på ombygginga. Rådmannen bad om fullmakt til å forhandla med Stord.

Harald Rydland, KrF, rosa rådmannen for kreativ tenking og planlegging. Det har me sett mange gonger! Dette er ei god sak. Rådmannen må få fullmaktene han ber om. Arne Prestbø, H, Vigdis Røen Leirvik, Ap, Grete Marit Veka Maraas, Sp, Sigurd Andre Maraas, FrP, og ordførar Wenche Tislevoll støtta også saka.

Det samrøystes vedtaket lyder om lag slik: 

«Kommunestyret vedtek å mellombels redusera talet på plassar i FBB, frå 27 til 23, i tråd med føringar i saka.

Det skal arbeidast vidare med å få til ei modernisering av demensavdelinga for ei meir effektiv drift. Rådmannen får fullmakt til å etablera ei arbeidsgruppe som skal utarbeida eit prosjekt, som grunnlag for å søkje Husbanken om tilskot til ombygginga så snart som mogeleg.

Det blir etablert eit investeringsprosjekt med ramme kr 200.000 til planlegging, som rådmannen får fullmakt til å trekkja på.

Midlar til investering vert å leggja inn i budsjett for 2017, 2018 og 2019.»

Stemningsbilde: Eit gruppemøte i kommunestyret kan vera både engasjerande og triveleg! Foto Harald Johan Sandvik