No skal det ikkje lenger haldast val på Hageberg skule, biletet. Frå 2017 er heile Fitjar samla i ein valkrins. Foto: Harald Johan Sandvik

Endring av valkrinsar i Fitjar

Bruk av elektronisk manntal gjer at ein reduserer talet på valkrinsar.

Til no har det vore gjennomført val i alle fem krinsane i Fitjar: Hageberg, Osternes, Rimbareid, Øvrebygda og Sælevik. Sak om reduksjon av tal valkrinsar var sist oppe i 2009, og den gongen vart det inga endring.

I mellomtida er det sett strengare krav til universell utforming, og det skal takast i bruk elektronisk manntal, noko som vil vera ei stor lette for røystestyra og administrasjonen. Røystelokala i Hageberg og Osternes har ikkje nett-tilgang.

Formannskapet rådde til to valkrinsar, Rimbareid og Øvrebygda, og i kommunestyret kom Harald Rydland, KrF, med framlegg om at også Sælevik vert oppretthalden som valkrins. Roger Nesbø, Ap, meinte derimot at det er mykje meir framtidsretta å samla alt i ein krins, med vallokale i Kultursalen.

Sigurd Andre Maraas, FrP, støtta framlegget om tre krinsar. Han meiner det er ille dersom det vert vedteke ein krins. Folk likar å vera med i vallokalet og oppgåvene vert løyste på ein trygg måte. Dersom Øvrebygda valkrins vert lagt ned, vil det setja djupe fotspor. Ordførar Wenche Tislevoll svara at det krev mykje planlegging å rigga opp og halda mannskap til fleire lokale. Ho støttar framlegget om ein krins.

Ved røystinga vart det med 11 røyster vedteke å samla heile kommunen i ein valkrins. 5 representantar, Frp og KrF, røysta imot.