Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Foto: Harald Johan Sandvik

Økonomisk strategiplan for Fitjar Kultur- og Idrettsbygg

Korleis styrer ein økonomien framover?

Temaet var etterlyst på budsjettmøtet i desember.

Kommunen eig 76 % av aksjane i FKIB, Fitjar Kraftlag har 10,6 % og Wärtsilä 6,6. Resten, 6,6 %, er fordelt på små eigarpostar. Det er tyngre no enn tidlegare å halda oppe inntektene til huset, på grunn av generelt stramare økonomi i samfunnet. Kommunen betalar til saman kr. 345.084 i leige for kultursal, seniorsenter, fysioterapi, klasserom til norskopplæring og kulturskulen. 

Restgjeld på huset pr.31.12.2016 er kr. 3.282.000, og kalkulerte kapitalkostnader for 2017 er kr. 244.000.

I sak om vederlag for oppdrettskonsesjon tidlegare i møtet, sette kommunestyret av 3 mill. til auka aksjekapital i FKIB

I vedtaket i denne saka føreset kommunestyret at ny aksjekapital i FKIB, kr. 3 mill, vert brukt til nedbetaling av gjeld. Fitjar Kraftlag har nyleg hatt styremøte, og går inn med kr. 173.000 på same vilkår. Då er restgjelda redusert til kr. 109.000. Kommunen kan redusera planlagt ordinært driftstilskot til FKIB i 2017 med kr. 98.000.  

Ikkje heilt uventa var kommunestyret samrøystes i denne saka.