Arne Prestbø rår til etablering av Vestlandsregionen. Foto Harald Johan Sandvik 

Etablering av Vestlandsregionen

Kommunestyret gav uttale til høyring i saka.

Stortinget utfordra fylkeskommunane til å vera med i kommunereforma, med sikte på å få færre og større einingar også på det nivået.

På den bakgrunnen har Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane hatt samtalar, og det er utforma ein intensjonsplan for samanslåing av dei tre fylka. Det er denne som no er ute på høyring. Arbeidstittel for den nye eininga er Vestlandsregionen.

Dei viktigaste hovudmåla i planen er:              
1:Sterkare demokrati gjennom ein ny folkevald region                                        
2: Framtidsretta samfunnsutvikling på Vestlandet                
3: Høg kvalitet i tenestene                    
4: Strategisk infrastrukturbygging      
5: Kultur og identitetsbygging                      
6: Berekraftig forvaltning av samla ressursar

Heile intensjonsplanen finn du på linken www.hordaland.no/regionreform

Vedtaket i kommunestyret var samrøystes og lyder slik:

1. Fitjar kommune støttar samanslåinga av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandsregionen, som skildra i intensjonsplanen.

2. Dersom ei slik samanslåing ikkje lukkast, skal Fitjar kommune vera del av Hordaland fylke eller den regionen som Hordaland vert del av.

3. Fitjar kommune ønskjer at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som målform.

4. Fitjar kommune ønskjer at tannhelsetenesta skal bli overført til kommunane, og meiner denne tenesta ikkje skal vera premissgjevande for ei samanslåing av fylka.