Tore Eikeland i kjend positur på kontoret sitt. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Den siste distriktslegen med bok!

I sommar gjekk Tore Eikeland av etter 34 år som kommunelege i Fitjar, og no har han skrive bok i samarbeid med Håkon C. Hartvedt.

Tore og Lisbeth Eikeland er i skrivande stund på favorittstaden sin på Kreta. Men før dei reiste, rakk dei å gjera ferdig manuset til boka «Den aller siste distriktslegen», som dei har skrive saman med Håkon C. Hartvedt i Fitjarposten. 

Boktittelen siktar til at Tore Eikeland blei tilsett som distriktslege i 1982, då han kom til Fitjar. Eit par år seinare blei stillinga omdøpt til kommunelege, og Eikeland har no i mange år vore kommunelege 1 i Fitjar, etter at kommunen fekk ein kommunelege til.

Frå balkongen i leilegheitskomplekset Eleonora i Retymnon på Kreta fortel den aller siste distriktslegen vår om eit givande samarbeid med Håkon C. Hartvedt. Saman med Lisbeth reiste han til Athen for to veker sidan, då det sette inn med regn og rusk for alvor i Fitjar. Etter fem dagar tok dei båten vidare til Kreta, og der skal dei bli i godt og vel ei veke til.

– På Kreta er det framleis ein smak av sommar, fortel Tore Eikeland, i lufta er det rundt 20 grader, og i sjøen 23-24. Så når me får tak i han på telefon i dag, sit han i shorts på balkongen og nyt ein kopp kaffi saman med Lisbeth. I morgon blir det nok bading igjen, i den klåre, varme sjøen. 

Samarbeidet med Håkon Hartvedt har vore givande, fortel Tore. Det blitt mange fine møte i haust. Han har berre skrive forordet sjølv; resten er det redaktøren i Fitjarposten som har ført i pennen. 

Me har fått lesa gjennom manuset, og har lagt merke til at han tonar ned «ryktet» om at det var kirurg han helst ville blitt. – Om eg hadde levd om igjen, ville eg kanskje blitt kirurg, seier han, men eg har alltid hatt lyst å vera allmennpraktikar. Han seier at han har fått vera med på mykje, og det han han sett stor pris på. 

– Blant anna har me fått vera med på store internasjonale studiar, som har gitt mykje kunnskap, seier han. Det har blitt stilt strenge krav til kvalitet, og på den måten har me lært betre måtar å arbeida på. 

Eikeland minner om at boka ikkje er ein biografi, men glimt frå eit langt liv som lege. Han vedgår at det blir spennade å sjå korleis boka blir motteken. – Eg veit ikkje om eg vågar å komma heim! seier han og ler.

Men neste helg kjem både han og Lisbeth heim, og laurdag 26. november blir det boklansering hos Larsen. Då blir både Lisbeth og Tore til stades for å signera bøker. Dagen etter blir dei å treffa hos Thea Træet AS.

 

 

Bokdesign: Helge-Mikal Hartvedt    Forsidefoto: Håkon C. Hartvedt