Oppdrettsmerdar i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik

Disponering av konsesjonsmidlar frå fiskeoppdrett

Fitjar kommune har fått kr. 10.703.000 som del av vederlag for ein konsesjon for lakseoppdrett nær Koløyo. 

Oppdrettsnæringa kan kjøpa konsesjonar, og ein del av vederlaget skal tilfalla vertskommunen. Det er selskapet Hardingsmolt AS i Tørvikbygd som har fått konsesjonen, og vederlaget er basert på ei ordning frå 2013, der vertskommunen får sin del. Enkeltutbetalingar etter 2013-ordninga skal handsamast som investeringsinntekt, og kan nyttast til kva investeringsføremål ein ynskjer.

Frå 2016 er dette endra, og heiter no «Havbruksfondet». No skal samla vederlag på landsbasis delast på alle oppdrettskommunane, uavhengig av kor konsesjonane ligg. Fitjar sin del av dette er rundt 0,5%. Utbetalingar frå fondet vil koma frå 2017,  og vil då vera normal driftsinntekt.

Disponeringa av eingongssummen i saka vert slik:

Fond for eigenkapital i KLP, pensjon : Kr. 2.000.000
Aksjekapital FKIB, skal nyttast til nedbetaling av gjeld:  Kr. 3.000.000    
IKT-investeringar 2016: Kr. 225.000              
IKT-investeringar 2017: Kr. 290.000      
Oppgradering løpebane idrettsplass: Kr. 1.250.000      
Til ubunde investeringsfond: Kr. 3.938.000

Før det vart opna for debatt i saka, var det klart at både Ole Bergesen, dagleg leiar i FKIB, og nestleiar i styret for huset, Terje Træet, begge frå Høgre, var ugilde i saka. Geirmund Aga, H, var einaste vararepresentant, men utan dobbeltstemme!

Dette var ei skikkeleg gladsak, og ei inntekt til kommunen som ikkje var venta.

Det ein konsesjon til under 2013-ordninga som Fitjar kanskje kan få ein del av vederlaget for, anten ½ eller 1/3. Dette gjeld ein konsesjon for Engesund Fiskeoppdrett som vart søkt om frå Fitjar, men flytta til Masfjorden. Saka er sendt til departementet for endeleg avgjerd.