Gutane til KM-finalen!

Puljevinnarane våre i G16 kjempa seg vidare til KM-finalen etter ekstraomgangar og straffekonkurranse i Fyllingsdalen onsdag kveld.

Fitjar tok leiinga 1-0 ved Markus Helland Tislevoll etter sju minutts spel på Fyllingsdalen stadion i kveld, men heimelaget utlikna til 1-1 berre fem minutt seinare. Kampen i kveld blei ganske jamn, sjølv om Fitjar til tider hadde eit visst overtak. Men heilt på slutten av ordinær tid var Fitjar heldige.  Ein Fyllingsdalen-spelar stod på blank goal, men skaut i tverrliggjaren og ned på streken.

Ingen av laga greidde å scora i ekstraomgangane, og kampen måtte avgjerast på straffespark. Her scora alle dei fem Fitjar-skyttarane Marius Helland Storebø, Arild Fitjar Waage, Jonas Aleksandersen, Markus Gerhardsen og Markus Helland Tislevoll. Fitjar-keeper Jacob Mehammer redda det fjerde straffesparket til Fyllingsdalen, og dermed var kampen avgjort då Markus Tislevoll sette inn sitt skot. 

Med dagens siger går Fitjar vidare i kampen om kretsmeistertittelen i klassen. Neste kamp blir spelt førstkomande søndag mot vinnaren av den andre semifinalen. Den går av stabelen i morgon, mellom Lyngbø og Vestsiden 2. Uansett kven som vinn av desse to, er sjansen for heimekamp i finalen like stor, seier Kjell Træet. Med omsyn heime- eller bortekamp stå alle laga likt, og om finalen blir spelt i Bergen eller Fitjar, får me nok ikkje vita før på fredag, seier Fitjar-trenaren på telefon frå ferja.

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Kristian Træet, Markus Gerhardsen, Svein Arne J. Raunholm, Jonas Moldskred, Jonas Aleksandersen, Arild Fitjar Waage, Leander Reigstad, Markus Helland Tislevoll, Marius Helland Storebø, Daniel Skarpnes. Innbytarar: Kristian Prestbø, Daniel Rolfsnes, Mats Vik.