Spørsmål om veglys

Harald Rydland har stilt  spørsmål til kommunestyremøtet i morgon, onsdag. Spørsmålet kan du sjå nedanfor.

«Eg er eigentleg for sein i forhold til fristen for å fremja spørsmål til kommunestyre på onsdag, men håpar likevel at ordføraren kan gje eit kortfatta svar.

Den siste tida har det skjedd mykje positivt når det gjeld å få på plass vegljos på fylkesvegane i Fitjar, vegar som er flittig brukte av mjuke trafikkantar.  Det er bra!

Eit prosjekt som mange  undrar seg over, er arbeidet med å få på plass vegljos på strekkja mellom Petterteig og Rutle i Stord kommune.  Her er det så godt som ikkje mjuke trafikkantar som ferdast etter mørket sitt frambrot.  Det er ikkje vanskeleg å finna fylkesvegar der behovet for vegljos er langt større enn denne vegen som ligg langt ute i svarte skogen.

Spørsmålet vert då:

– Kan ordføraren gjera greie for kven som avgjer kor det skal monterast vegljos på fylkeskommunen sine vegar, får kommunen høve til å uttala seg, og veit ordføraren kvifor strekkja mellom Petterteig og Rutle vart prioritert no?

Venleg helsing

Harald Rydland
Gruppeleiar KrF

 

Sakslista for kommunestyremøtet i morgon ser elles slik ut:

PS 50/16 Godkjenning av protokoll

PS 51/16 Meldingar

PS 52/16 Nyvalg kontrollutval

PS 53/16 Konkurranseutsetting av sekretariatstenester for kontrollutvalet

PS 54/16 Plan for selskapskontroll for perioden 2016-2020

PS 55/16 Plan for forvaltningsrevisjon for perioden 2016-2020

PS 56/16 Rammeplan for kulturskulen

PS 57/16 Høyring – endring i forskrift om kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar – psykisk helsevern

PS 58/16 Langtidsplassar i sjukeheim frå 2017.

PS 59/16 Bustadsosial handlingsplan for Fitjar kommune i perioden 2016 – 2020.

PS 60/16 Evaluering og ny vurdering i høve omfanget av busetjing og flyktningtenester i kommunen frå 2017.

PS 61/16 Høyring – krav om at legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta er spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering

PS 62/16 Disponering av konsesjonsmidlar frå fiskeoppdrett

PS 63/16 Vidareføring av utvalde tenester i Business Region Bergen

PS 64/16 Høyring – etablering av Vestlandsregionen

PS 65/16 Høyring – nærpolitireforma og framlegga til effektivisering av den lokale strukturen i politidistriktet

PS 66/16 Strategiplan for Fitjar kultur- og idrettsbygg

PS 67/16 Endring i selskapsavtalen til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

PS 68/16 Valkrinsar i Fitjar kommune

PS 69/16 Uttale til SIM sin Ressurs- og miljøstrategi