Her blir drosjebilen til Nils N. Rydland heist om bord i rutebåten i Stavanger før heimreisa til Leirvik. Foto: Nils N. Rydland

Gjensyn med den første drosjen på Rydland

Rydland var eit viktig trafikknutepunkt i Fitjar, og det blei drive drosjekøyring der i heile 45 år.

Den aller første drosjen på Rydland var ein Ford V8 Model 82A frå 1938 som Nils N. Rydland kjøpte av Edvin Vinsjevik. Bilen hadde gått som drosje i Sagvåg, men Nils Rydland hadde ikkje fått drosjeløyve då han kjøpte den gamle Ford-en.

Drosjeeventyret på Rydland starta i 1951, etter at dåverande ordførar i Fitjar, Berje Aarbø, hadde ringt til Litle-Nils´n og spurt etter skyss til Fitjar. Nils vegra seg, for han hadde ikkje løyve til å driva betalt persontransport. Berje Aarbø var ikkje van med å ta eit nei for eit nei, og han tok kontakt med samferdslekontoret i Hordaland. Den driftige politikaren såg nytta av å ha ein drosje på Rydland, og ikkje lenge etter var drosjeløyvet på plass. Det blei starten på ein 45 år lang epoke med drosjeverksemd på Rydland. Først ved Nils N. Rydland og kona Elisabeth, og seinare ved nevøen Ole Vidar Helland, fram til utgangen av 1996.

I 1951 var Rydland ein svært strategisk plass å driva drosje. Det hadde allereie i mange år gått buss frå Fitjar til Leirvik forbi Rydland, og det kom ofte passasjerar som hadde bruk for transport vestover i Øvrebygda. Men Nils N. Rydland dreiv ikkje berre med korte turar i nærområdet; både på 1950-talet og 60-talet tok han med seg fitjarfolk på langturar til Austlandet.

 


Nils N. Rydland i kjent positur til høgre, med reisefølgjet sitt ved Vøringsfossen. F.v. Berner Tronshaug, Kari Tronshaug, Marta Torland og Marcelius Torland.

 

Me har fått tilgang til bilete frå ein tur til Austlandet i 1951. Passasjerar var Marcelius Torland og kona Marta, f. Tronshaug, og Berner Tronshaug og Kari, f. Opedal. Sistnemnde kom frå Hardanger, og me går nesten ut frå at dei var innom heimplassen hennar, før dei køyrde opp Måbødalen og over Hardangervidda. Turen vidare gjekk til Mjøs-traktene og Oslo, før dei køyrde heim over Sørlandet og tok båten frå Stavanger til Leirvik. Her måtte Ford-en heisast om bord før avreise. Dei var naturlegvis ikkje i land på Haugalandet, for det gjekk ikkje ferje frå Valevåg den gongen.

I 1952 kjøpte Nils N. Rydland den første folkevognsbussen sin, den første i ei lang rekkje over ein periode på rundt 25 år. Og i 1953 selde han Ford-en, men først måtte bilen inn på verkstad. Nils Rydland var ein god mekanikar, som alltid gjorde mykje arbeid på bilane sine sjølv, men no sette han inn bilen til full overhaling hos W. Ingebrigtsen på Leirvik. Oppe i Borggata dreiv han både verkstad, bensinstasjon og ymse anna. Me som er litt yngre, hugsar helst at me kjøpte syklar og sykkeldelar der.

Heile reparasjonen kom på 590,26 kroner. Me legg ved rekninga, som gir eit veldig godt bilete av den tida.

 

 

Etter reparasjonen blei bilen seld, men det har ikkje lukkast å finna ut kven som kjøpte. Kanskje nokon av lesarane våre veit det?

Men me veit altså at Nils Rydland kjøpte bilen av Edvin Vinsjevik i Sagvåg, mannen bak denne legendariske replikken frå ei tid då reglane om mønsterdjupna på bildekk ikkje var så strenge som no:

– Når du har slite ut mønsteret, det er då dekket begynner å vara lenge!