Styreleiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Agnar Aarskog, gjer seg klar til å rydda etter det store arrangementet, saman med «Månedens ansatt», Annbjørg Raunholm. Foto: Kjetil Rydland. 

Gratulera med overstått!

Me gratulerer Fitjar kultur- og idrettsbygg med overstått etter ei vel gjennomført jubileumshelg med populær underhaldning for store og små.

Laurdag kveld var det storslege program for eit vakse publikum, med konsert, talar og dans, og i går opna dei huset for den yngre garde. Idrettshallen var open slik at dei yngste kunne utfalda seg i fri leik, Labb og Line labba rundt og heldt borna med selskap. I foajeen var det gratis kaker og saft, og kaffi til dei vaksne.

Fitjar skulekorps framførte programmet som dei har øvd inn til Sotrafestivalen komande helg: Blackbird special, Apex, The Irish blessing og Firefly. Seniorsenteret blei fylt til siste stol då Christine Auestad heldt forteljarstund for dei mellom fire og ti år. Ho framførte dei to forteljingane Rosa prinsesse bestemmer alt av Katrine Sele og Finn har ein tiger under senga av Frode Grytte. Ho nytta sin eigen dialekt, stavangermål. – Eg er bymenneske frå Stavanger – frå by til bygd, seier Christine og smiler. På biblioteket fekk dei unge laga bokmerke og andre «trykksaker» medan dei venta på forteljaren. 

Samstundes heldt Harald Johan Sandvik foredrag for dei vaksne i Kultursalen. Han drog linene heilt tilbake til den første busetjinga i Fitjar for meir enn 10 000 år sidan, via Håkon den gode og vikingtida, heilt fram til vår tid, og diskusjonen om kommunegrenser. Etter foredraget hans fekk dei 50 vaksne publikummarane sjå ei samling vakre naturbilete, dei fleste frå Fitjar, ved Per Johan Vestbøstad. – Det er kjekt å bli mint på kor fint me har det her, var ein av replikkane som fall etter bildeframsyninga. Me er ikkje usamde.

Me gratulerer Fitjar kultur- og idrettsbygg med overstått, og ser allereie fram til neste jubileum!

 


Fitjar skulekorps viser at dei er godt førebudde til Sotrafestivalen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Full fart i idrettshallen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Christine Auestad t.h. gjer seg klar til forteljarstund. T.v. biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Olve og Eirik Torbjørnsen lagar bokmerke. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ein engasjert Harald Johan Sandvik med eit spanande foredrag for dei vaksne. Foto: Kjetil Rydland.