Marius Helland Storebø set inn 4-0 mor slutten av kampen. Foto: Kjetil Rydland.

Gutane vann KM-kampen!

Puljevinnarane våre i G16 hadde ingen problem med gjestene frå Nordhordland som kom til Fitjar for å spela om kretsmeisterskapen, og vann heile 4-0.

Trenar Kjell Træet karakteriserer dagens oppgjer som ein rotete kamp, men gutane hans hadde ingen problem med gjestelaget Radøy/Manger/Hordabø. 

Gutane hans avgjorde kampen med tre scoringar i første omgsang. 1-0 kom ved Kristian Træet, som heada ein corner i mål. Også 2-0 kom på ei heading, etter eit flott angrep. Mariues Helland Storebø rulla opp på høgresida, og slo eit flott innlegg inn framfor mål. Der var Markus H. Tislevoll på rett plass og heada i mål. 3-0 kom på frispark ved Jonas Aleksandersen.

I andre omgang skjedde det ikkje så mykje, før heilt på slutten. Då sette Marius H. Storebø inn 4-0, heilt inne ved stolperota. Til stor frustrasjon for bortelaget sin keeper.

Med dagens siger går Fitjar vidare i kampen om KM-tittelen i klassen. Neste kamp blir mot Fyllingsdalen 3, som slo Smørås 3-2. Vinnaren av kampen Fitjar-Fyllingsdalen går til KM-finalen 20. november. 

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Kristian Træet, Markus Gerhardsen, Svein Arne J. Raunholm, Jonas Moldskred, Jonas Aleksandersen, Kristian Prestbø, Leander Reigstad, Markus Helland Tislevoll, Marius Helland Storebø, Daniel Skarpnes. Innbytarar: Daniel Rolfsnes, Jone Nysæther, Mats Vik, André Lønning.


Eit talrikt publikum møtte opp i det sure spelevêret, og fekk etter kvart mykje å gle seg over. Foto: Kjetil Rydland.