Her scorar Maria Larsen på straffe, men det forhindrar ikkje stortap for Løv Ham. Foto: Kjetil Rydland. 

Nytt tap for handballdamene

Fitjar IL sine handballdamer tapte med heile 11 mål for Løv Ham på heimebane søndag ettermiddag.

Fitjar har fått ein tøff start på årets handballsesong i 5. divisjon, og står med eitt poeng etter fire kampar. 

Søndag ettermiddag tok dei imot Løv Ham på heimebane, og heldt bra følgje i ein omgang. Fitjar-damene hadde føringa med eitt og to mål til midten av omgangen, men då gjestene utlikna til 9-9, såg dei seg ikkje tilbake.

Til pause stod det rett nok berre 17-15 til Løv Ham, men i andre omgang var Fitjar-damene sjanselause. Personlege feil hos heimelaget og ein god keeper i gjestene sitt mål gjorde at Fitjar blei hengande meir og meir etter. 

Til slutt stod det heile 32-21 til gjestene frå Løv Ham. Ny sjanse til poeng får Fitjar-damene mot NHHI 2 i Bergen om ei veke, og neste heimekamp for Fitjar i 5. divisjon er søndag 27. november.


Sterke damer i Løv Ham-forsvaret ville ikkje sleppa Ingvild Rimmereid gjennom. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Ida S. Fitjar (keeper), Emilie Aaserud Hystad, Anita Haugland (7), Maria Grastveit Larsen (7), Sofie Øvstebø Næss (2), Anna Thorland, Ingvild Rimmereid (4), Helene Rimmereid, Cathrine Dyrdal (1), Marita Nysæther.  


Ein litt rusten Thor Gunnar Bakke kom fint frå kampen på Fitjar i dag. Foto: Kjetil Rydland.

 

https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=367676