Årstein Tislevoll, musikant og entertainer, ein stolt representant for det allsidige kulturlivet i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Flott jubileumsfest i Fitjar kultur- og idrettsbygg

Heile kultursalen var fullsett i går kveld, då FKIB og Ole Bergesen inviterte til jubileumsfest og ei musikalsk og kulturell reise i historia til storstova i Fitjar.

I år er det 10 sidan opninga av kulturdelen og 15 år sidan resten av Fitjar kultur- og idrettsbygg stod ferdig til bruk. Det var såleis eit dobbelt jubileum dagleg leiar Ole Bergesen og medhjelparane hans markerte med brask og bram i går. 

Eit nyleg gjenoppstått Fitjar kammerkor, under sin dirigent Helge Haaland, viste seg fram med endå større kraft enn for 15 år sidan, då dei opptredde under den offisielle opninga av Fitjar kultur- og idrettsbygg. Denne gongen fekk dei opna den den lange musikalske og kulturelle reisa med «Circle og Life» frå «Løvenes Konge», til akkompagnement av Fitjar Musikklag. Aller først ute var Leif Helge Engelsen som «lokal afrikanar» før Ole André Westerheim tok over solistrolla. 

Så følgde det eine nummeret etter det andre framført av gode amatørar. Sverre Fangel Brekke og Håvard Sele Oma var solistar i «Sandpapirballett», med Fitjar Musikklag. Før den allsidige entertaineren Årstein Tislevoll framførte Elton John-låten «Crocodile Rock». Ingrid Skår Bergesen framførte ABBA-låtane «Honey honey» og «Dancing Queen», den siste saman med Karine Lillenes, begge låtane godt kora av Fitjar kammerkor. Karine Lillenes rørte forsamlinga til tårer med si tolking av «Amazing grace». Ole André Westerheim gledde publikum med fleire låtar frå sin «Tribute to Queen». Årstein Tislevoll viste fleire døme på kor god entertainer han er, med Vamp-låten «Månemannen» og «Ausedansen» av Ausekarane. 

Når store ting skjer i Kultursalen, må sjølvsagt Osternes Mannskor vera med. Denne gongen framførte dei «Fiskarlåt» frå kabareten «Dæ mann for eit kast» og Salhuskvintetten sin «Det skal bli andre boller» frå kabareten «Ønskekonserten». Aller mest jubel vekte nok Harald Johan Sandvik i innslaga «Norge Rundt» saman med John Arvid Skumsnes. Knapt eit auge var tørt då me fekk gjensyn med den trønderske historieforteljaren som ingen forstod! Fantastisk!

Etter halvannan time med høgdepunkt kunne me på nytt konkludera med at me har gode underhaldningskrefter i bygda. Og operasongaren som avslutta konserten, er òg å rekna for vår eigen, for Runar Thor Gudmundsson budde mange år i Fitjar før han flytta til Danmark i fjor. I går framførte han glansnummeret sitt, «Nessum dorma» av Puccini, før han avslutta jubileumskonserten med «You raise me up». Eit gripande gjensyn med operasongaren «vår»!

Husorkesteret under leiing av Svein Ragnar Myklebust sytte for profesjonelt akkompagnement. Han hadde med seg Jan Evald Kleppe på trommer, Frode Hammersland på bass og Ole Rasmus Hjelle på gitar. 

På balkongen over inngangsdøra kunne Oskar og Paul, alias Henning Wichmann og Geir Bjarte Hatlevik, konkludera med at programmet i Kultursalen hadde vore «brise». Det er vel ikkje å ta for hardt i. 

Etter konserten inviterte Ole Bergesen til «verdens største stollek» i idrettshallen, der det berre var 15 stolar, til dei aller mest sitjetrengande. Men det var mykje god fingermat og rikt høve for sosiale fitjarbuar å vandra rundt og mingla. Styreleiar Agnar Aarskog tok ordet og minte om at bygget er med og får kulturlivet i bygda til å blomstra. Så følgde den eine helsingstalen etter den andre, viktige støttespelarar fekk sin velfortente ros. 

Per Bergesen var leiar i byggjenemnda i fleire år før bygget blei reist, og den første styreleiaren i Fitjar kultur- og idrettsbygg AS. Han hadde vore i digitalarkivet til «Sunnhordland» og gav eit spanande og detaljert resyme, frå byrjinga av 1970-talet, og fram til bygget stod ferdig i 2001. Han minte om at det ikkje var noko sjølvfølgje at bygget blei reist. Det er eit resultat av «mange gode krefter som jobba saman og aldri gav opp» sa han mellom anna. Det lokale næringslivet med Fitjar Kraftlag og Vik-Sandvik, fekk sin velfortente takk; det same fekk hovudentreprenør Engevik & Tislevoll og dei mange eldsjelene.

Ronald Hareide frå Fitjar Fjordhotell gratulerte med dagen, og hadde med seg ein sjekk på 25 000 kroner til infotavle i foajeen. Toralv Røen helsa frå Seniorsenteret, og Kitty Træet frå Fitjar Musikklag og skulekorpset. Ho hadde med seg ein gåvesjekk øyremerkt til kjøkenet, der det no blir ny komfyr. Ordførar Wenche Tislevoll takka for det gode samarbeidet med kultur- og idrettsbygget, og hadde med seg den største gåva. Av den gjenverande gjelda på 3,282 milionar dekkjer Fitjar kommune 3 mill., og dermed står det berre att 282 000 kroner i gjeld. Håvard Singelstad og Fitjar Kraftlag tar imot utfordringa og og dekkjer 173 000 kroner av desse. Wenche lova at om kort tid vil også dei resterande 109 000 av gjelda bli sletta. 

Alle desse gode meldingane fekk dagleg leiar Ole Bergesen til å utbryta: – Det har vore så innbringande at eg inviterer til 11- og 16-årsfest til neste år. Yess, me kjører på!

  


Fitjar kammerkor under sin dirigent Helge Haaland korar Karine Lillenes. Foto: Kjetil Rydland.

 


Vår eigen operasongar, islandske Runar Thor Gudmundsson, framfører «You raise me up». Foto: Kjetil Rydland.

 


Harald Johan Sandvik og John Arvid Skumsnes hausta stor jubel for «Norge Rundt», men her syng dei saman med Osternes Mannskor. Foto: Kjetil Rydland.

 


Henning Wichmann og Geir Bjarte Hatlevik på balkongen, som Oskar og Paul. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ole Bergesen med sjekken som viser at Ronald Hareide t.h. har samla saman 25 000 blanke kroner til ei infotavle i foajeen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Leiar i byggjenemnda og den første styreleiaren i Fitjar kultur- og idrettsbygg AS, Per Bergesen, med eit interessant historisk oversyn frå ideen blei lansert til storstova stod klar til bruk. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Fitjarbuen såg ut til å setja pris på fingermaten som blei servert i idrettshallen, og ikkje minst høvet til mingling og smalltalk. Foto: Kjetil Rydland.