– Eit smykke, sa Eli Simonsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Eit smykke av ei bok

Det sa Eli Simonsen i innleiinga til boklanseringa av «Så fast ei borg – Fitjar kyrkje 150 år» i Seniorsenteret i går kveld.

Presentasjonen var elles lagt opp slik at boka sin redaktør Kjetil Rydland fekk ordet først. Så dei andre hovudskribentane, ordførar – og soknerådsleiarar i det gamle og det nye soknerådet. Tom Rydland batt innslaga saman med vakker song.

Kjetil Rydland takka sine medskribentar Harald Johan Sandvik, Magnar Kloster og Trygve Eiken – og ikkje minst Herman Inge Aadland, som kom joggande inn frå sidelinja, som han sa. 

Fotograf Per Egil Larsen og bokdesignar Aud Gloppen vart og løfta fram på ein særs god måte:

– Til denne boka har me kunne plukke bilete frå øvste hylle, heilt i toppklasse. Det gjeld og Aud Gloppen sin design, sa han mellom anna.

Som redaktør av boka konkluderte han: – Boka har ein heilskap eg trygt kan stå for!

F.v. Aud Gloppen, Kjetil Rydland, Herman Inge Aadland, Magnar Kloster, Per Egil Larsen, Harald Johan Sandvik og Trygve Eiken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Spennande glimt
Skribentane kunne sjølvsagt ikkje lese opp alt dei hadde skrive. Men dei serverte alle spennande glimt.

Magnar Kloster las om gamlekyrkja, om diskusjon om alder og om tanken på å byggje ho opp att like før årshundreskiftet.

Trygve Eiken tok oss med inn i det kristne lekmannsarbeidet, og las mellom anna om Årsmøtet på Fitjar 26.-27. juni 1883 då det var 10 000 menneske til stades.

Harald Johan Sandvik trekte fram Paul Lillenes som sat i soknerådet i 30 år og som dessutan var forkynnar og emissær, og las vidare om alt styret rundt eit framlegg om å gje eit offer til Menighetsfakultetet.

Herman Inge Aadland las frå ein særs god artikkel av sokneprest Th. Crøger og presenterte i samanheng med dette oldebarnet hans Halfdan Tschudi
Bondevik som var festtalar på kyrkjelyden sin årsfest i 2001. Vidare peika han på verdet kyrkjelydsbladet har kyrkjeleg og lokalhistorisk sett, las «Tidsvitne frå krigen» – ein svært god andakt av Jakob Vik – og løfta fram det rike arbeidet klokkar Ivar Vik gjorde i Fitjar kyrkjelyd.

– Det viktigaste huset i bygda
– Gratulerer med kjempeflott bok! Kyrkja er jo det viktigaste huset me har i bygda! sa ordførar Wenche Tislevoll i si helsing, og la til i same lei:

– Dette er ei bok for heile bygda! Sjå berre på coveret. Alle i Fitjar veit kor dette er! sa ho og overrekte blomar til redaktøren, Kjetil Rydland.

Frå soknerådet som var gjeldande då arbeidet med boka vart sett i gang, helste tidlegare soknerådsformann Rasmus Fitjar. Han og bar fram stor takk.

Frå noverande sokneråd talte Helga Olsen Aadland. – Det er kjekt når ein på ein slik måte bind fortid og notid saman, sa ho. Mykje er jo eins no som før. Både dåp og nattverd – og gravferd – og så midt i det heile: Jesus!, sa ho – og takka dei som har vore med på å få lagt denne boka.

To av dei som var snare til å kjøpe boka var Bodil Nesse og Arne Devik. – Flott eksteriør, fine bilete. Det var dei med ein gong samde om. No gler me oss til å lese ho, smilte dei. Foto: Håkon C. Hartvedt