Arne Vestbøstad med bladet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Blad med spennande fitjarstoff

I årets «Øyamål» er det fleire artiklar som har med Fitjar å gjere. Noko av årsaka er at Arne Vestbøstad er skribent for bladet.

«Øyamål»er eit målmagasin for Stord, Bømlo og Fitjar. Tidlegare heitte bladet «Stordamål», og mellom fitjarbuar som tidlegare har skrive i bladet kan me nemne Karl Gloppen. Det er andre året det heiter «Øyamål», men tiande utgåve av bladet.

I årets utgåve har Arne skrive to artiklar. Ein med tittelen «Med blikk for eitt og hitt» om Ingvild Eskeland på Sæterbø.

«Ingvild Eskeland (33) er ikkje som logopedar flest. Eller bloggarar flest. Eller nynorskbrukarar flest. Summen er ei dame som driv på med sitt, til glede for seg sjølv og dei rundt seg », skriv Arne i ingressen til denne artikkelen.

Den andre artikkelen Arne har skrive er om gravaren, bonden og humoristen Kristian Skumsnes.

Men det er endå meir fitjarstoff i dette lesverdige bladet.

Gro Anita Meling har skrive ein artikkel om Bjarne på Skjeret og Hjørdis J. Heggland har laga ein spennande artikkel om den gamle kyrkjevegen mellom Stranda og Fitjar og har mellom anna følgd Johannes Nesse over fjellet.

– Bladet er til sals hos Larsen. I tillegg vil ein del skuleelevar kome på dørene og tilby bladet for sal.