Det er ein ny båt av denne typen som no skal byggjast. Foto: FMV

Ny kontrakt til FMV

FMV og Stava Sjø har i oktober signert design- og byggekontrakt på ein arbeids- og lokasjonsbåt av type HFMV W15 Sørfonn. Ein fin fortsetjing av  det gode samarbeidet.

Fartøyet dei no har signert kontrakt for er ein katamaran med hovuddimensjonar 15 x 12 x 3.9 m LxBxDriss. Båten får byggenr. FMV 216, og vert designa og bygt komplett på Fitjar. Overlevering skal skje i februar 2017.  

FMV216 blir den femte arbeidsbåten Stava Sjø kontraherer hos FMV. Alle fartøya er av HFMV design.  

Tidligere historikk er:

• FMV201 «Smaragd», levert i 2011

• FMV204 «Safir», levert i 2013 (solgt til Aqua Seawork). 

• FMV 211 «Rubina», levert i 2015

• FMV 222 «KS Multi 01», levert i 2016

Stava 
Av dei fire tidlegare båtane er heile tre HFMV prototypar. Stava Sjø har vore svært sentral i utviklinga av Sørfonn-klassen, Vik-klassen og Josdal-klassen. Det har FMV og Heimli Ship Design all grunn til å vere takknemlege for.  

Stava Sjø AS held til på Liereid i Sveio kommune. Reiarlaget vart etablert i 2006 og vert no eigd av Stava Invest. I 2011 hadde reiarlaget ei omsetnad på 9.4 MNOK, i 2015 var den nær 25 MNOK. I 2016 vart det etablert ei felles driftssatsing med Seadive (Bergen), kalt KSM Maritime AS.  

Dette tyder at design- og skipsbyggingsmiljøet på Fitjar vert sett høgt, i det eit  kompetent  og velrenommert rederi som Stava Sjø velg HFMV design og bygging på FMV.  FMV216 har følgjande kapasitetar:  

 • 2 kraner med kapasitet 65 tm og 32 tm

• Winch: 60 tonn, frislipp er integrert med haikjeft-arrangementet.

• Haikjeft, guidepinner, hekkrull arrangement. 

• Hovudmaskinar: 2 x 650 hk

• Generatorar: 2 x 46 kW

• Dekksareal: ca 100 m2

 – Vi takkar reiarlaget for tilliten og ser fram til eit godt samarbeid i prosjektet, seier verftsdirektør Hugo Strand.

HFMV er ei nemning på skipsdesign utvikla og eigd av Heimli og FMV i fellesskap. Designserien omfattar arbeidsbåtar, brønnbåtar, fiskebåtar og spesialfartøy. 

FMV har no rundt 80 fast tilsette og driv med nybygging, ombygging/service, baseverksemd og design/engineering.