Gutelaget av årgang 2008 med lagleiar Lillian Kongestøl Vik og trenar Håkon R. Sæbø. Foto: Kjetil Rydland.

Små gutar i stor turnering

Midt under vintercupen i helga som var reiste gutelaget til Fitjar IL i 2008-klassen til Bergen på «Eat move sleep» som Åsane sitt damelag arrangerte.

Det er ein stor cup med om lag 300 lag som blir avvikla under idelle forhold på krøllgraset i Åsanehallen. Trenar Håkon R. Sæbø fortel om ein særs vellukka tur til Bergen. Åsane damelag garanterer at du får tre kampar på fire timar i denne cupen. Det er viktig at kampane kjem relativt konsentrert i slike cupar. Fitjar fekk kampane sine på under 3 timar, og det var bra, seier Håkon Sæbø til Fitjarposten.

– For gutar på åtte-ni år er det akkurat passeleg; når ein går rundt som propell, er det greitt å vere ferdig etter tre timar … det vil seia, du er heilt ferdig etter tre timar … 

Håkon fortel at han hadde med seg sju gutar og fire foreldre til Åsanehallen. Ekstra gøy blei det fordi gutane for første gong opplevde å vinna ein fotballkamp! Det beste prestasjonen frå før, var ein uavgjort 4-4 heime. 

Etter å ha spelt dei tre kampane sine, tok dei med seg pizza på ferja, og fekk ei fin sesongavslutning for laget på den måten, seier Håkon til Fitjarposten. 

– Men i vår bransje kan ein ikkje kvila på laurbæra, seier Håkon, allereie måndag kveld hadde me første innetreninga på Rimbareid skule. Der trenar me saman med Gutar 09 kvar måndag frå 1800 til 1900. Alle spelarar i aldersgruppa er hjarteleg velkomne til å trene ilag med oss framover.
 
Meir om den store cupen til Åsane damelag kan du lesa her