Laga lyrikkalender

Halvard Tislavoll har vore med på å lage lyrikkalender i lag med svigerson til sonen Daniel, Jarl Jostein Brostad. 

Lyrikken har Brostad stått for, medan Halvard har teke seg av lay out-en. Illustrasjonane er lagd av Beate S. Vedøy.

– Dikta handlar relasjonar, mellom deg og meg, og mellom Gud og oss. Det handlar om prøvingar og sorg, om von og glede og om vårt forhold til naturen omkring oss. Mitt ønskje er at du som les dikta skal kjenne deg igjen og få inspirasjon til vegen vidare, skriv Brostad.

Produsenten er Morgenstjernen Forlag og kalenderen er trykt hos Nils Sund Trykkeri.

Kalenderen kostar 200 kroner og er til sals hos T. Træet får me vite, til slutt.