Energistreiken er over

Partane kom i dag tysdag 8. november til einigheit. Streiken har pågått sidan 23 september.

Dette betyr at arbeidet i Fitjar Kraftlag kan takast opp igjen frå i morgon 9. november.

 – Dette er me glade for, og ber igjen om orsaking for dei problemstillingane nokre av våre kundar og andre har hatt under streiken. Me vil i morgon prioritera arbeid som er blitt liggjande, og håpar å vera ajour med dei mest kritiske oppgåvene i løpet av veka, seier Håvard Singelstad.