Mellom alle dei frivillige som deltok fann me Hanna K. Vestbøstad, Hanna Lovise Vestbøstad og Torbjørn Eiken. Foto: Håkon C. Hartvedt

151 000

Då arrangørane summerte opp etter den store misjonsmessa på Fitjar bedehus i går, kunne dei notere kr 151 000 kroner i bruttosal. Det tyder at ein svært pen sum vil bli sendt til Norsk Luthersk Misjonssamband. 

Så heldt ein det og gåande i heile går frå kl 12.00 og utover med lodd på bøker, åresal, tombola og sal av kaker, laks, lubbesild, «nordlendingar» og syltetøy. 

I tillegg var det som det skal vere på ein misjonsbasar både song og andakt.

På familiemøtet song Fitjar barnegospel, medan Lovise Vestbøstad og Nils Hageberg stod for songen ppå ettermiddagssamlinga. 

Egil Skutlaberg frå NLM talte på begge samlingane.

Bra med folk, men litt færre enn tidlegare melder arrangørane.