Eit av litografia. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mykje vakkert

Det er mykje vakkert å sjå i Galleri Losjen for tida etter at Sigurd Søreide opna utstilling der i går.

Rundt 50 personar hadde teke turen for å få med seg utstillingsopninga. Det var både kultursjef Bente Bjelland og kunstnaren sjølv glad for.
Bjelland var i tillegg ekstra glad for at ein etablert kunstnar som Sigurd Søreide ville stille ut her.

Sigurd Søreide. Foto: Håkon C. Hartvedt

Søreide som og tidlegare har hatt utstilling på Fitjar var elles lærar på Hageberg skule i 18 år. Han sette pris på å få vere her igjen, og brukte så litt tid på å forklare prosessen bak litografia, som fitjarposten.no tidlegare har skrive om.

– Etter som åra har gått har kunsten meir og meir blitt ein livsstil for meg, og eg må nedom atelieret mitt på Rommetveit kvar dag, sa han og røpa at han til sommaren skal ha eit kunstnaropphald over tre veker i Steigen i Lofoten. Så at det kan kome spennande bilete frå Sigurd Søreide si hand i framtida og, er det ingen tvil om.

Agnar Aarskog. Foto: Håkon C. Hartvedt

Varaordførar Agnar Aarskog opna utstillnga offisielt. Han var stolt over Fitjar har fått eit galleri som Galleri Losjen, og glad for at Søreide ville stille ut her. 

– Søreide er ein anerkjent kunstnar som og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Eg ser og at fleire av bileta er prega av at han voks opp ved sjøkanten på Rommetveit, sa Agnar mellom anna, før han erklærte utstillinga for opna.

Tor Håkon spelar, medan Sigrid står klar til å lese. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tor Håkon Aarbø og Sigrid Fangel stod for underhaldninga. Tor Håkon gav til beste Grieg si «Morgonstemning» og ein Sonantine av Beethoven på piano, medan Sigrid las kystprega dikt av Aud Lodden Boine. Ingen tvil om dei begge var med og heva stunda.