Glade damer frå Øvrabygdo gjentok suksessen frå i fjor, og vann årets Fitjar Kraftlag Cup. Foto: Kjetil Rydland.

Favorittar og outsiderar til topps i Fitjar Kraftlag Cup

Årets vintercup blei avvikla i tradisjonelt, surt novembervêr, og ikkje uventa vann Øvrebygda dameklassen, medan Havn slo favorittane og gjekk heilt til topps i herreklassen.

Øvrabygdo gjekk til topps i dameklassen etter å ha vunne alle kampane sine. I finalen møtte dei Bakken/Havn, som slo ein gammal favoritt, Vestbøstad, heile 6-1 i semifinalen. Øvrabygdarane tok tidleg kontroll over finalen, og gjekk opp til 4-0 før Bakken/Havn klarte å redusera. Scoringane kom ved Ailin Vik, Liljan Vestbøstad og Elin Kvia Rydland, i tillegg til eit sjølvmål. Dei to reduseringane kom ved mor og dotter, Anne Kristin Skår og Ingrid Bergesen. Men dei kom altfor seint; Øvrabygdo hadde full kontroll, og kan heilt fortent heva den store pokalen i år òg.


Karl Andreas Sandvik scorar på straffespark for Havn. Foto: Kjetil Rydland.

Om det blei favorittsiger i dameklassen, kan knapt det same seiast om herreklassen. Her fekk me ein aldri så liten skrell, idet Havn gjekk heilt til topps, for første gong i dette tusenåret! Denne gongen stilte dei rett nok eit sterkt lag med fleire stordabuar som har Fitjar-blod i årane, og desse blei nok tunga på vekskåla for årets vinnar i herreklassen. I semifinalen mot Kalveid stod det 1-1 ved full tid etter scoring ved Karl Andreas Sandvik, og same mann sette inn det siste straffesparket, som avgjorde semifinalen til Havn sin fordel.


Glade vinnarar frå Havn.

I herrefinalen mot Storavatnet jr. tok Havn tidleg leiinga ved Vegard Hareide. Om lag fem minutt før slutt la Torodd Eriksen Fitjar på til 2-0, og sette dermed spikeren i kista. Rett nok reduserte Torbjørn Korsvik til 1-2 for Storavatnet heilt på slutten. Men då var det altfor seint å hindra Havn i å vinna sin første siger i vintercupen sidan tusenårsskiftet.


Carsten Rasmussen på Storavatnet sr. måtte sjå stammefrendane sine frå Storavatnet jr. stikka av med finaleplassen, men finn god trøyst i at laget hans slo Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

Som vanleg var Ole Bergesen stødig cupgeneral, med god hjelp av den faste staben sin, inkludert unge hjelparar i kiosken. Bergesen er godt fornøgd med årets vintercup. Han seier at avviklinga har gått greitt, utan store skadar. Med årets cup i boks har Fitjar Idrettslag avvikla turnerneringa etter same mal samanhengande i 25 sesongar på rad. 

Torbjørn Korsvik på det tapande finalelaget Storavatnet jr. seier til Fitjarposten at det har vore ei kjekk helg. 

– Og no skal me vinna banketten!

 


Toppscorar Jonas Aleksandersen med 10 mål for Kalveid scora på frispark i semifinalen, men måtte sjå finalen glippa. Foto: Kjetil Rydland.

 


Blide jenter i kiosken i den råkalde novemberufta, f.v. Siren Vik, Marion Træet og Victoria Maraas. Foto: Kjetil Rydland.