6. klassingane på Rimbareid skule presenterte ei spennande framføring i samtidsmusikk med både lyd og lys som effektar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Spennande og gøy lydforming

6.klassane har denne veka jobba med eit prosjekt om samtidsmusikk. I dag fekk me sjå resultatet – ein svært artig framføring. – Gøy, synest elevane Sigmund Mikal Aga Hopperstad og Lovise Rimmereid. 

Dei to kan fortelje at dei har jobba med dette nokre timar kvar dag denne veka, lært inn eit musikkstykke i to satsar, mange motiv og sine eigne instrument.

Sigmund og Lovise med instrument laga av pvc-røyr og ballong. Foto: Håkon C. Hartvedt

Opplegget er laga av BIT20 representert ved Jon Behncke og frilansmusikarane Arne Sandvoll og Karina Opdal i samarbeid med lærarane Evy Skogedal og Rune Rimmereid. Arne og Karina har jobba i lag med elevane heile veka.

F.v. Jon Behncke som fekk utrulege lydar ut av trompeten sin, Arne Sandvall med eit heilt spesielt heimelaga instrument og Karina Opdal med døme på dei spesielle partitura som vart nytta under framføringa. Foto: Håkon C. Hartvedt

Og det var samtidsmusikk det handla om. Ei musikkform som kanskje meir enn nokon annan syner at musikk når alt kjem til alt handlar om lyd sett i system, og at partitur ikkje nødvendigvis må bestå av halvtonar, fjerdedelar og åttandedelar plassert i linjesystem.

Det flotte med dette opplegget er at alle lukkast med å få til noko, og opplegget spelar fullt ut på elevane sin kreativitet. Det fekk lage instrumnet av nær sagt kva som helst, og fekk oppleve at alle lydar kan bli til musikk når dei vert sett saman med andre. I tillegg fekk dei nytta både lys og moderne datateknikk for å skape effektar.

Lyseffektane skapte ei heilt spesiell stemning. Foto: Håkon C. Hartvedt

Såleis fekk vi og oppleve stor speleglede, både når dei heldt seg mest heilt stille så det berre var ein liten lyd å høyre til dei fekk sleppa seg laus i øredøyvande crescendo. Ei artig og god oppleving synest både me og tredjeklassingane som var publikum då Fitjarposten var innom.

3. klassingane likte det dei fekk sjå og høyre. Foto: Håkon C. Hartvedt

Timen før hadde 2.klassingane fått gleda over å vere med på dette.