Karsten Vestbøstad og Miriam Almås hos Varehuset Rydland er no klare med nettbutikk. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rydland startar nettbutikk

Varehuset Rydland starta i dag opp nettbutikk, eller handel på nettet, om du vil.

– Dette er Miriam sin «baby», smiler Karsten Vestbøstad, og ser bort på medarbeidaren, Miriam Almås. Det er ho som har unnfanga og utvikla ideen.

– Nettet er kome for å bli, og på denne måten vonar me å nå vidare ut, kunne gje best mogeleg tilbod til kundane våre og få ein ny fot å stå på, seier Vestbøstad.

Miriam fortel at dei har hatt gode erfaringar med å vere på facebook. Nettsida er no eit nytt steg vidare.

– Nettsida heiter: varehuset.rydland.as, og ved å gå inn på denne sida, kan du kjøpe varer direkte. Hovudsakeleg er det kle, og litt søtsaker, me har lagt ut der til no, så får me sjå om det kan bli meir og anna etter kvart.

Fram til søndag har me tilbod. 20 % rabatt på alt som ligg ute på nett, og bestiller du ein vanleg kvardag før kl 13.00, sender me same dagen, seier ei entusiastisk Miriam Almås, som står ansvarleg for sida,  til slutt.