Vakker og verdig bok om Fitjar kyrkje

Me har hatt gleda av å skumme igjennom boka «Så fast ei borg – Fitjar kyrkje 150 år» og kan stadfesta: Det er ei praktbok som vert lansert neste torsdag.

Det er altså i samanheng med at Fitjar kyrkje fyller 150 år i 2017 at denne boka er skriven, og i lag med svært mange gode medspelarar har redaktør Kjetil Rydland fått fram eit verk bygdefolket kan gle seg over. Ei bok som vil verte lesen med interesse, om ikkje heile frå perm til perm med ein gong, så er ho så mangfaldig at dei fleste vil finne eit kapittel som interesserer spesielt. I tillegg vil det vere ei svært praktisk oppslagsbok om ein vil vite meir om kyrkjelivet eller det kristne lekmannsarbeidet i Fitjar. For det siste er og med, vakkert ført i pennen av Trygve Eiken.

Dei som elles i hovudsak har vore med og bidrege til boka er:

Redaktør: Kjetil Rydland, Designar: Aud Gloppen, Fotograf: Per Egil Larsen, og skribentane: Magnar Kloster, Harald Johan Sandvik og Herman Inge Aadland.

Når ein skal skrive ei så vid og sterk historie, seier det seg sjølv at sjølv om ein har fått svært mykje med på boka sine 365 sider, er det og mykje, både saker og personar som ikkje er nemnt. Slik må det og vere. Men me synest, etter det biletet underskrivne sit med, at redaksjonen har kome bra ifrå det.

Den er og rikt illustrert med både gamle og nye bilete. Per Egil Larsen fortener stor ros for dei nyare bileta han har berika boka med.

Lansering
Boka vil verta presentert på eit bokslepp i Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag 10. november kl. 19.30. Prisen er sett til kr 400,-. Det er i alle fall ikkje for høgt, mykje hadde trudd at ho hadde kosta meir. 

Under lanserringa i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg vert det elles opplesing av korte utdrag og visning av bilete frå boka.Vidare vert det song av Tom Rydland, drøs, kaffi og kaker.