Fitjar bedehus. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fokus på Guds Ord

Fitjar indremisjon har denne veka møteveke på Fitjar bedehus. Temaet er: «Lat Kristi Ord få rikeleg rom hos dykk – Ordet inn i vår kvardag».

Møta startar onsdag og varer til søndag, berre avbroten av den store misjonsmessa til NLM som går føre seg på laurdag. Alle møta startar kl 19.30 og talar er Marie Hornnes frå Imf som mellom anna var talar på generalforsamlinga i Ålesund.

Song og musikkrefter er Sigrid Gunnarsjå og Guro Rimmereid (onsdag), Elin Sørfonn (torsdag), Kjerstin Stokken (fredag) og på søndag er det song av Fitjar Musikkforeining og Lovise Vestbøstad. Bønemøte på loftet kl 19.00 kvar møtedag. Møte finn stad i Fitjar bedehus.

Fitjar bedehus har denne hausten har testa ut noko nytt på Fitjar Bedehus ved at ein har hatt eit gjennomgåande tema som har blitt behandla på ulike vis.  Det starta med vårt personlige forhold til Gud og Hans ord, NLM hadde overskrifta Ordet som forandrer, og møteveka til FIM har og tatt dette temaet som overskrift med undertittel « Guds ord i vår kvardag».

Sjå annonse for både møteveka og Misjonsmessa her.