Status i samband med energistreiken

Elin Anita Erstad i Fitjar Kraftlag har sendt oss ei statusmelding vedrørande den pågåande streiken. Meldinga kan du lese nedanfor.

Det har vore ei roleg veke og helg etter at me fekk reparert feilen på Tufteland sist måndag. Etter dette har me ikkje hatt driftsforstyrringar i nettet og alle kundar har straum og breiband som normalt.

Me minner om at Fitjar Kraftlag har overordna vaktberedskap heile døgnet, også under streiken. Feil på straumnettet må meldast som normalt til vår vakttelefon: 53 45 76 10.

Feil på Altibox må meldast til telefon: 05270.

Sjå elles www.fitjar-kraftlag.no for oppdateringar.