Silje Vatne Ersland og Vigdis Vatne tok turen frå Stord. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Eins ærend frå Stord

– Me var på Fitjar Skulekorps sin basar her for to år sidan. Då fann me så mykje artig at me var ikkje i tvil om at me skulle ta turen i år òg. Det sier Silje Vatne Ersland og Vigdis Vatne som hadde teke turen frå Stord til Fitjar for å få med seg loppemarknaden i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Ikkje så rart det. Loppemarknaden til Fitjar Skulekorps er svær, som ein stor gjenbruksbutikk, og det er mykje fint å finne.

Gerd Lillian Volden Nedal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ei av dei som fann var Gerd Lillian Volden Nedal som har hendene fulle når fitjarposten.no møter ho.

– Eg har meir enn dette, smiler ho. – Resten står der borte, seier ho og peikar. Vidare fortel ho at ho kjøper leikar og artige ting til barneborna, og.

– Og så har eg funne meg ei kjekk lykt til meg sjølv, legg ho til.

Kitty Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Styremedlem i korpset Kitty Træet sat ved «kassa». Ho var svært nøgd med frammøtet og gler seg over viktige midlar til drift av Fitjar Skulekorps som no har 43 medlemar og seks aspirantar. – Så mange har me ikkje vore sidan eg var med sjølv, i Karl Gloppen og John Abotnes si glanstid, smiler ho.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Ute i foajeen var det laga til småbord, og mange nytta høvet til å få seg ein drøs med kaffi og noko godt å bite i.