Unge Markus Gerhardsen greidde seg bra i den første kampen sin frå start på A-laget til Fitjar, sjølv om han er litt på etterskot her. Foto: Kjetil Rydland.

Avslutta med stil

A-laget avslutta årets serie med stil då dei møtte den suverene puljevinnaren Bremnes på Olvondo Stadion fredag kveld, sjølv om forsvarsfeil gav heimelaget siger 4-2.

 

Blant dei som avslutta med stil var så absolutt André «Mini» Helland. Han spelte den siste A-kampen sin i kuling og regn på Bremnes i går kveld. Rett nok fekk han ikkje den scoringa han hadde så lyst på, men han avslutta kampen med ei målgivande pasning, slik at Jan Åge Tislevoll kunne redusera til 2-4 i sluttminutta.

 


Andre «Mini» Helland avslutta A-lagskarrieren sin med ei målgivande pasning. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Men «Mini» var ikkje åleine om å komma brukbart frå kampen i tussmørkeret på Olvondo. Med regn og rusk i ryggen i første omgang var Fitjar fullt på høgd med puljevinnar Bremnes frå start. Og det måtte ei litt heldig scoring til for at heimelaget skulle ta leiinga. Kato Aasheim vann ein løpsduell mot midtforsvaret til Fitjar, og fekk fyrt av eit godt skot frå 12-15 meter. Dagens Fitjar-keeper, Aleksander Henriksen, redda med ein framifrå beinparade. Men returen kom borti eit Fitjar-bein, og ballen rulla inn i mål ved stolpen. 

 

Trass i kalddusjen i regnbyene på Olvondo heldt Fitjar oppe trykket, og rett før pause blei Jonas Tislevoll felt inne i Bremnes-feltet. Lagkaptein Helge M. Træet skaut knallhardt mot vinkelen, men dessverre mangla ballen nokre centimeter på å gå inn. Og dermed måtte Fitjar gå til pause med 0-1 etter eit sjølvmål.

 

Med vind og vêr imot greidde Fitjar seg brukbart også i andre omgang. Men Bremnes fekk fleire altfor lettkjøpte scoringar, og derfor hjelpte det ikkje at Jan Åge Tislevoll var i det målfarlege hjørnet, og scora to mål. Andreas Agasøster fekk altfor god plass på vel 20 meter, og skaut hardt og velplassert nede ved stolperota. Kort tid etter klønte Bremnes-keeper Jonas Ellingsen Næsse det til for seg sjølv, og Jan Åge Tislevoll takka for tilbodet og reduserte til 1-2 frå kort hald.

 

Dei to siste måla til Bremnes var altfor lettkjøpte. Vel eit kvarter før slutt gjekk keeper Aleksander Henriksen ut i feltet, men bomma på ballen i tussmørkeret der flaumlyset hadde slokna. Bremnes fekk lagt inn framfor mål, og Benjamin Brekke Munkvold kunne ikkje unngå å gi Bremnes 3-1 frå kort hald. Vel fem minutt før slutt blei det 4-1 ved Erlend Meling Nesse, som fekk gå lett gjennom etter feil i Fitjar-forsvaret. 

 

Dermed var kampen avgjort, men Fitjar gav seg ikkje, og fullførte kampen i fin stil. I sluttminutta fekk ein aktiv og angrepsvillig André «Mini» Helland lagt inn til Jan Åge Tislevoll. Han scora sikkert frå kort hald, si andre scoring for kvelden. «Mini» opplevde såleis eit aldri så lite lyspunkt i det siste speleminuttet sitt som A-lagsspelar. 

 

Etter kveldens nederlag endar Fitjar på 40 poeng i årets 5. divisjon. Det held til ein førebels tredjeplass i puljen, men med siger over Nore Neset i morgon, vil Flaktveit gå forbi. Likevel kan me slå fast at Fitjar har hatt ein bra sesong i serien. Mange ungdommar har fått sjansen på A-laget i år, og har vist lovande takter. Derfor bør me ikkje sjå altfor mørkt på framtida til Fitjar-fotballen, sjølv om enkelte veteranar signaliserer at dei vil gi seg. 

 


Her burde Helge M. Træet ha utlikna, men det knallharde straffesparket gjekk i krysset og ut. Foto: Kjetil Rydland.

 


Aleksander Henriksen sleit litt i tussmørkeret på Olvondo Stadion etter at lyset gjekk på den eine sida av banen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Mats Westvik hadde eigentleg ingen grunn til å riva seg i håret. Foto: Kjetil Rydland.

 

KAMPFAKTA 

Bremnes – Fitjar  4-2 (1-0)
seriekamp 5. divisjon av. 03 Hordaland
Olvondo Stadion, fredag 28. oktober kl. 18.00
publikum: 100
dommar: Simen Erdal Ones, IL Sandviken

Mål: 
1-0 sjølvmål (20.), 2-0 Andreas Agasøster (56.), 2-1 Jan Åge Tislevoll (61.), 3-1 Benjamin Brekke Munkvold (74.), 4-1 Erlend Meling Nesse (84.), 4-2 Jan Åge Tislevoll (90.)

Gult kort: Helge M. Træet (7.), Fitjar, og Kato Aasheim (67.), Bremnes

Fitjar sitt lag:
Aleksander Henriksen, Markus Gerhardsen (Svein Arne J. Raunholm 86.), Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, André Helland, Mats Westvik, Jonas Aleksandersen (Markus Helland Tislevoll 75.), Lars Fitjar Waage, Helge M. Træet (k.), Jonas Tislevoll (Rolf Solli 81.), Jan Åge Tislevoll.