Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/HCH

Felles foreldremøte for barnehagane

Fitjar kommune ynskjer å kalle inn alle føresette med barn i barnehagane til eit felles foreldremøte i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg tysdag 8. november kl. 19:00.  Tema: «Vere saman».

 – Alle barnehagane i Fitjar kommune blei i 2015 einige om å satse på kompetanseløftet «Vere Saman». Dette er eit prosjekt som har viktig fokus på den autoritative vaksenrolla (då er ein varm og grensesetjande på same tid)  i barnehagen.  

I 2017 skal alle tilsette øva seg på å gjere det dei har lært i undervisninga, i møte med alle barn. Dette er så viktig at me ynskjer å invitere alle føresette til eit foredrag om Være Saman med Liv Berit Heimstad Tønnessen, heiter det i ei melding frå skulesjef John Karsten Raunholm.

Liv Berit Heimstad Tønnessen
har eit brennande engasjement for barn og vaksenrolla i både barnehage og heim, og det formidlar ho i alt ho gjer. Ho er utdanna pedagog og  brukar eit kvardagsspråk som alle forstår. Ho har arbeida med dette sidan 1993.

I år kom ho ut med ei foreldrebok som ho tek med seg: «Å velje det varme BLIKKET», inspirasjon, mot og håp til dagens foreldre.  

Les meir om Liv Berit på http://www.livberit.no. Ho har og ei forfattarsida på Facebook, søkjenamn @blikket.  

– Me håpar mange har anledning til å kome for å få kunnskap og inspirasjon om korleis me skal leggje best mogleg til rettes for gode relasjonar i både heim og barnehage, seier John Karsten Raunholm, til slutt.