Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto: Håkon C. Hartvedt

Færre sjukeheimsplassar

Utval for oppvekst og omsorg gjekk på møtet, tysdag, inn for å redusere sjukeheimsplassane ved FBB frå 27 til 23.

Årsaka er det har har vore ein god del fråfall i det siste, det er ingen ventelister og det er ledige plassar. Økonomien krev òg sitt. 

Vidare tenkjer ein å flytte ein del av bebuarane med demens, som og har somatiske plagar, inn på somatisk avdelling, og samle dei andre bebuarane med demens på ei eiga avdeling. Slik vert ei avdeling tom.

Det gjev mogelegheiter for naudsynt ombygging. Ei ombygging som er gunstig å ta no i det ein truleg få statleg økonomisk støtte til dette om ein søkjer før 2018.

Rådmann Atle Tornes orienterte om saka. Han rår til at saka vert sendt til kommunestyret for å verta politisk forankra. Utvalet drøfta saka.

Rådmannen kom med følgjande framlegg til tillegg til tilrådinga:

Midlar til investering vert å leggja inn i budsjett for 2017, 2018 og 2019.

Tilråding til kommunestyret: (Samrøystes)

Kommunestyret vedtek å redusera talet på plassar i FBB, frå 27 til 23, i tråd med føringar i saka.

Det skal arbeidast vidare med å få til ei modernisering av demensavdelinga for ei meir effektiv drift.  Rådmannen får fullmakt til å etablera ei arbeidsgruppe som skal utarbeida eit prosjekt, som grunnlag for å søkje Husbanken om tilskot til ombygginga så snart som mogeleg. 

Det blir etablert eit investeringsprosjekt med ramme kr 200.000 til planlegging, som rådmannen får fullmakt til å trekkja på.

Midlar til investering vert å leggja inn i budsjett for 2017, 2018 og 2019.