Hegreneset. Foto: Håkon C. Hartvedt

Detaljregulering av Hegreneset industriområde

 – I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette meldt at J.Tufteland AS på oppdrag for Engevik & Tislevoll AS, set i gang arbeid med detaljregulering for del av Hegreneset industriområde, gnr. 64 bnr. 30 m.fl., PlanID 1222_201601, skriv Fitjar kommune på heimesida si i dag.

Planstatus og føremål
I arealdelen til kommuneplanen for Fitjar er området vist som næringsområde, naust og sentrumsnære føremål. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til industriområde, bustader, naust, trafikkområde og jordbruksområde. Sjøområdet er ikkje tidlegare regulert

 I den nye reguleringsplanen vil området bli regulert til industri, kai, naust, småbåthamn, hamneområde og trafikkområde. Planen medfører etter kommunen si førebelse vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova.