Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Godt nøgd med innsamlingsaksjonen

Ordførar Wenche Tislevoll seier seg svært godt nøgd med fitjarbuen sin gjevarglede og bøsseberarane sin innsats etter TV-aksjonen til inntekt for Røde Kors på søndag.

I gjennomsnitt gav kvar person i Fitjar rundt 80 kr. Det er betre enn Stord, men eit par kroner bak Bømlo. 

–Kjempebra likevel, smiler Tislevoll og er skikkeleg imponert over bøsseberarar som stiller opp år etter år.

Nøgd er ho òg etter ringerunden til Næringslivet. –Her fekk me inn over dobbelt så mykje som ifjor, fortel ho.