Admistrerande direktør Ove Wilhelmsen har forståing for dei utfordringane dei tilsette får med omsyn til flyttinga. Når det gjelder den generelle situasjonen til Wärtsilä Shipdesign Norway ser han lyspunkt i nye satsingsområde. Foto: Håkon C.Hartvedt

– Har forståing for reaksjonane

Eg har stor forståing for at dei tilsette reagerer på ulike måtar med omsyn til flytting. Det seier Wärtsilä Ships Design- sjef Ove Wilhelmsen til fitjarposten.no.

Det vart i dag kjent at Wärtsilä Shipdesign Norway sine tilsette vert flytta til Wärtsilä sitt bygg på Heiane ut på nyåret. 

– Reaksjonane har vore ganske forskjellige. Halvparten av arbeidsstokken vår bur jo utanfor Fitjar, og for nokon som bur på Heiane, tyder det at dei no kan gå til jobben. Andre som bur på Fitjar, ser at dei no kan starta dagen med ein sykkeltur.

Andre ser at dei no får ein lenger biltur enn før. Nokon meiner det er på tide at dette blir gjort, medan det for andre blir ekstra utfordringar. Ikkje minst for småbarnsforeldre som skal levere borna i barnehage før dei dreg på jobb. Og eg har stor forståing for at dette er ei ekstra utfordring. Samstundes er det no godt at me ikkje har flytta lenger vekk enn at same kor ein bor på øya, har ingen meir enn rundt ein halv time i køyretid for å kome på jobb, seier han.

Om årsakene til flyttinga nemner Wilhelmsen to punkt:

1. Me oppnår synergi-effekt på tvers av systemet ved å samla folk i eitt bygg der dei før sat i to.

2. Det er sjølvsagt òg ein økonomisk vinning i å flytte når me kan unytta ledig kapasitet på Heiane og kunne selje på Fitjar.

Nye satsingsmål
Om Wärtsilä Ship Design flyttar til Heiane, vil fitjarbuane som jobbar der, fortsett ha jobb der, og det er sjølvsagt ein mykje betre situasjon enn om Wärtsilä hadde måtte permittere.

For å gjere firmaet fortsett levedyktig søkjer Wärtsila Shipdesign seg no inn på nye område, i det offshore- området nærast er dødt.

Dei nye områda er:

1. Fiskebåtar

2. Båtar til fiskeoppdrett

3. Ferjer

4. Ombygging

Om det siste punktet seier Wilhelmsen at det no er snakk om å byggje om offshorebåtar. Mellom anna krev offshore vindmøller spesialbåtar med  mellom anna svært god manøvreringsgsevne for å kunne gi desse naudsynt service. Og Wärtsila har hatt fleire slike oppdrag i det siste.