Ordførar Wenche Tislevoll. Arkivfoto: FP/HCH

– Veldig trist

– At Wärtsilä flyttar betyr at 50 arbeidplassar og spesialkompetanse vert ført ut av bygda. Det er veldig trist, seier ordførar Wenche Tislevoll til fitjarposten.no.

Utsegnet er sjølvsagt ein kommentar til at Wärtsilä Shipdesign Norway flyttar frå Fitjar til Heiane på nyåret.

– Eg må elles innrømme at dette er noko eg har vore redd for lenge, men eg har vona i det lengste på at det ikkje skulle bli slik, seier Tislevoll.

– No er det berre å vone at andre finn interesse i bygget som no står tomt. Det er jo eit fantastisk bygg som ligg på ein nydeleg plass og som er tipp topp moderne, legg ho til.