Dette bygget vert snart lagt ut for sal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Wärtsilä Shipdesign Norway på Fitjar flyttar til Heiane

Wärtsilä planlegger nå å samlokalisere Wärtsilä Ship Design Norway med Wärtsilä Norways virksomhet på Heiane, Stord. Det tyder at dei tilsette sin arbeidsplass vert flytta til Heiane på nyåret.

– Wärtsilä Ship Design Norway og Wärtsilä Norway samarbeider i dag tett om utviklinga av nye fartøysprosjekt og løysningar. Gjennom samlokaliseringa ønskjer Wärtsilä å styrke dette samarbeidet ytterlegare, og å hente ut synergier frå auka kunnskapsdeling, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

Resultatet av dette er altså at WSDNO sine kontor på Fitjar vil verte lagt ut for sal, og dei tilsette flyttar til Heiane på nyåret.

Wärtsilä har i dag ledig kapasitet både på Fitjar og Heiane, og flyttinga vil dermed også redusere kostnadene til selskapet.