Markus H. Tislevoll i fint driv for Fitjar mot Sotra 2. Foto: Kjetil Rydland.

A-laget vann 2-0 over Sotra 2

Fitjar sitt A-lag vann heilt fortent 2-0 over Sotra 2 i Fitjar Idrettspark søndag ettermiddag.

Fitjar møtte overkommeleg motstand i andrelaget til Sotra, og vann 2-0 etter to mål i første omgang, eitt sjølvmål og eitt langskot ved lagkaptein Helge M. Træet. Heimelaget var det klart beste laget, bortsett frå det siste kvarteret, då dei heldt på å sleppa gjestene inn att i kampen.


Øyvind Fykse Lie blir felt at Sotra-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland.

 

Etter ei litt forsiktig opning dominerte Fitjar førsteomgangen heilt. 1-0 kom etter eit typisk frispark av Kjell André Thorland, frå godt over 30 meters hald. Frisparket dalte ned i feltet, og der var ein Sotra-spelar sistemann på ballen før han låg i mål. 2-0 kom på ein litt kontroversiell situasjon. Helge Træet skaut velplassert frå nesten 30 meter, heilt inne ved stolpen. Eit fint mål, men Sotra-spelarane klaga over usportsleg oppførsel. Dei hadde nemleg ein spelar liggjande nede med skade. Men dei hadde sjansen til å spela ballen ut over sidelinja sjølve, utan å nytta høvet.

 


Dagens Fitjar-spiss, Jan Åge Tislevoll, hadde fleire fine forsøk, men lukkast berre nesten mot Sotra 2. Foto: Kjetil Rydland.

 

I andre omgang heldt Fitjar fram der dei slapp før pausen, og me venta berre på at dei skulle punktera kampen med 3-0. Men trass i store sjansar lukkast dei ikkje, og då det var rundt 20 minutt att av omgangen, samla gjestene seg til ein skikkeleg sluttspurt. Mykje av lufta hadde gått ut av Fitjar, og Sotra-spelarane kom til fleire store sjansar. Men det nærmaste dei kom var eit skot i stolpen. Heldigvis hadde midtstoppar Nils Ingard Tislevoll ein god dag, og rydda opp i stor stil i Fitjar-forsvaret.

 


Marius Helland Storebø var svært nær ved å gi Fitjar 3-0, men Sotra fekk rydda opp då ballen var omtrent på streken. Foto: Kjetil Rydland.

Årets siste heimekamp bar på mange måtar preg av at me er i slutten av ein lang sesong. Enkelte spelarar verka slitne, men dei kjempa brukbart, og drog i land tre høgst velfortente poeng. Dermed har dei i alle fall sikra plassen i divisjonen. Med 40 poeng etter dagens kamp ligg Fitjar på tredjeplass på tabellen i årets 5. divisjon, men det er vel fare for at Flaktveit går forbi i siste runde. Fitjar avsluttar sesongen mot suverene Bremnes på Olvondo stadion fredag 28. oktober.

 

KAMPFAKTA 

Fitjar – Sotra 2:  2-0 (2-0)
seriekamp 5. divisjon av. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark, søndag 23. oktober 
publikum: 66
dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL

Mål: 
1-0 sjølvmål (16.), 2-0 Helge M. Træet (35.)

Gult kort: Øyvind Fykse Lie (23.), Kjell André Thorland (31.) og Helge M. Træet (48.), Fitjar; Mats Nymark (19.) og Mats Lokøy (90.), Sotra 2. 

Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Emil Fitjar (Sander Tverborgvik 73.), Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, André Helland (Jonas Aleksandersen 90.), Marius Helland Storebø (Markus Helland Tislevoll 73.), Øyvind Fykse Lie, Helge M. Træet (k.), Kjell André Thorland, Jonas Tislevoll (Badi Hurasi 63.), Jan Åge Tislevoll (Lars Fitjar Waage (73.).