Foto: Håkon C. Hartvedt

Loppemarknad

Laurdag 29. oktober arrangerer Fitjar skulekorps loppemarknad i Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

– Lopper har strøymt på i  store mengder i haust og lageret til skulekorpset syner at det vil verta mange godbetar å finna, melder arrangementskomiteen. 

Dørene opnar allereie klokka 10.00, og det vert ope heilt fram til klokka 15.00. Det har kome inn mange flotte lopper og vil ein sikra seg nokon av dei mest spennande tinga bør ein nok vera tidleg ute. I tillegg til ”vanlege” lopper vil det og verta sal av godt brukande instrument. På dei aller mest attraktive loppene vert det budrunde. Budrundande startar lokka 10.00 og vert avslutta kl. 13.00. Det vert høve til både kontant betaling, bruk av vipps og bruk av kortautomat.

Det vert og kafé i samband med loppemarknaden. Her kan ein setja seg ned og slappa av i godt lag og kjøpa seg både laurdagsgraut, vaflar, bollar, kake og varm og kald drikke. 

Fitjar skulekorps er eit aktivt 1. divisjon korps med vel 40 medlemer i alderen 8 til 18 år. Korpset held høgt nivå, har eit godt miljø og utmerker seg både lokalt og nasjonalt. I desse dagar førebur dei seg til deltaking i korpskonkurransen Sotrafestivalen. Det kostar å driva eit så stort og dyktig korps, og loppemarknaden vil forhåpentlegvis gje eit godt bidrag til korpskassen. 

For dei som vil støtta korpset og som har lopper dei ikkje har fått levert ifrå seg, så tar korpset imot lopper ein siste gong i Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag 27. oktober kl. 17.00 til 20.00. Dei tek ikkje imot brune- og kvitevarer, sko, kle eller store møblar, men elles tar korpset imot alt som er heilt og reint. Leiker, sportsutstyr, dvd-ar, dc-ar, koppar og kar er av ekstra stor  interesse. 

Korpset lovar ein spennande marknadsdag med mange flotte lopper. Og her kan ein slå mange fluger i ein smekk: Treffa folk, eta i kjekt lag, gjera eit godt kupp, bidra til miljøvenleg gjenbruk og samstundes støtta Fitjar skulekorps, heiter det  ei pressemelding frå korpset.

 

Fitjar skulekorps ynskjer alle, frå nært og fjernt, hjarteleg velkomne til loppemarknad !