Ivrige innsamlarar

 

Søstrene Tilde og Tomine H. Helland fekk æra av å overrekka dei første kronene til TV-aksjonen under kveldaseta på Øvrebygda skule.

 

 

I haustferien hadde jentene stått i busslomma ved huset sitt og selt bakverk og drikke til inntekt for innsamlingsaksjonen. Dermed kunne dei overrekka 1067 kroner til aksjonen. I løpet av kvelden kom summen frå arrangementet opp i 26 650.

 

Det er sjeldan det er så høg aktivitet i gymsalen til Øvrebygda skule, som når skulen inviterer til kveldasete til inntekt for TV-aksjonen, slik dei har gjort dei siste 30 åra. 2016 var i så måte ikkje noko unnatak.

 

Elevar og lærar har stått på med å samla inn gevinstar, laga tippekonkurranse og ting å selja, for å delta i den nasjonale dugnaden, som i år er til inntekt for Røde Kors.

 

Eit samla elevkor opna det heile med å syngja ein song der dei helsa hallo på ni språk, og understreka med det kor vidt hjelpa i år kan famna. Dei song også «Sommerfuggel i vinterland» og «Tenk om», før ordførar Wenche Tislevoll hadde ein appell, der ho kunne fortelja at ho kom rett frå ein telefon-dugnad. Der vart næringslivet i Fitjar kontakta og utfordra til å gje til aksjonen, og så langt var det kome inn 50 000 frå det haldet.

 

Elevane ved skulen bidrog med song til ettertanke. Foto: Arne Vestbøstad

 

Lars J. Rydland var med som representant for Røde Kors, og han orienterte om dei ulike avdelingane organisasjonen har, alt frå den humanitære hjelpa dei yter i katastrofeområde, til besøksvenene og blodgivarar som jobbar i det stille her heime. Han understreka at organisasjonen er tufta på humanitære prinsipp, som seier at eit menneske er eit menneske, uansett rase, religion, nasjonalitet eller andre kategoriar som blir nytta til å gruppera menneska.

 

Første- og andreklassingane gjorde ein imponerande innsats med å manøvrera seg mellom borda for å få gevinstane fram til vinnarane. Foto: Arne Vestbøstad

 

Alle kan hjelpa nokon

I tillegg til løftet som er mottoet for aksjonen i år, at hjelpa kjem heilt fram, vart ein minna på at ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpa nokon. Etter at det formelle var unnagjort, kunne alle hjelparane sleppast laus, anten dei bidrog med sal i kafeane, tipping, sal av elevarbeid, kjøp og sal av årar og utlevering av gevinstar; alle bidrog med sitt. Og at viljen til å hjelpa med pengar var stor, viste tydeleg. Straks det blei opna for sal av mat, danna det seg lange køar, køar ein kanskje må til utlandet for å oppleva. Det same var tilfelle ved bordet som selde elevarbeid, som gryteunderlag, skjerefjøler og ugler. Då det viste seg at alle årane ikkje var selde og utropar Runar Øvrebø spurte om nokon ville ha meir, fauk fleire nevar i veret. Her ville alle vera med å bidra så godt dei kunne.

 

Kroken med elevarbeid var godt besøkt. Var det julegåvene som vart kjøpte inn? Foto: Arne Vestbøstad

 

Også Sælevik skule har hatt eit liknande arrangement. Dei samla inn 7753 kroner. Så langt har altså innsamlingsaksjonen fått ein god start i Fitjar.

 

 

Versågod! Julian Rivenes Helland var ein av dei mange vinnarane på åresalet. Foto:Arne Vestbøstad