Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Omfattande dopingaksjon i vårt område

Politiet i Sør-Vest politidistrikt gjennomførte i går ein større dopingaksjon. Om lag 60 politifolk der halvparten var studentar, var involvert. 26 personar vart sikta.

I løpet av ettermiddagen og kvelden oppsøkte dei ei rekkje privatadresser, samt ti treningssenter. 26 personer vart som følgje av dette sikta.

Det vart gjort beslag i både dopingmiddel, narkotika og pengar i aksjonen, som spreidde seg over store delar av gamle Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet har fokusert på, etter å av ulike grunnar fått informasjon over tid, folk som vi meiner utgjer en spreiingsfåre i forhold til doping.

– Hovedføremålet vårt er å få fram at doping er ulovleg og at det fører med seg ein risiko å involvere seg i dopingmiddel. Vårt hovedmål er først og fremst å førebyggje ytterlegare bruk, kommenterer politistasjonssjef i Haugesund, Edgar Mannes, og legg til at metoden er heilt bevisst.

– Vi vel denne aksjonsforma nettopp for å få merksemd om problemstillinga. På den måten håpar og trur me at det kan virke førebyggjande, seier han.