Råd om det vert energistreik

Fitjarposten la nyleg ut ei sak om opptrapping av streik i energisektoren. Fitjar Kraftlag har no sendt oss nokre råd dersom streiken vert ein realitet frå måndag.

I meldinga frå Kraftlaget heiter det:

Overordna vaktberedskap vil bli oppretthalde sjølv om det blir streik, men montørane vil berre rette feil dersom det er fare for liv, helse og dyrevelferd eller utilbørleg skade.

Dersom streik vert ein realitet vil me kome med nokre generelle råd og tips i samband med streiken:

•Hald kjøleskapet lukka så mykje som mogleg

•Frysaren bør ikkje opnast, då dette vil framskunda tining

•Lukk alle vindauga og ventilar slik at du held på varmen lengst mogleg

•Radio med batteri

•Lommelykt

•Oljelampe/Stearinlys

•Fyrstikker

•Ved

•Kokeapparat som går på gass eller raudsprit så du kan få deg varm mat

Kontaktperson hos Fitjar Kraftlag i samband med streiken er Elverksjef Håvard Singelstad, tlf 90 47 67 19 eller e-post: havard.singelstad@fitjar-kraftlag.no.

Feil og driftsforstyrringar i nettet må meldast som vanleg til overordna vakt på tlf 53 45 76 10.

Sjå også www.fitjar-kraftlag.no.