MF«Raunefjord» går frå land på Sandvikvåg. Men snart er det Torghatten Nord sine ferjer som skal trafikkere Halhjem-Sandvikvåg-sambandet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Torghatten tek over Halhjem-Sandvikvåg

– Nyleg tapte Fjord1 tapte den store kontrakten på E39 Halhjem-Sandvikvåg til Torghatten Nord. Men Fjord1 vinn tilbake sju ferjekontraktar i Hordaland. Det skriv bt.no.

Vidare kan me lese at Hordaland fylkeskommune, gjennom Skyss, har  tildelt Fjord1 ansvaret for desse ferjesambanda:

•Leirvåg-Sløvåg

•Fedje-Sævrøy

•Hufthamar-Krokeide

•Husavik-Sandvikvåg

•Hatvik-Venjaneset

•Halhjem-Våge

•Langevåg-Buavåg

Selskapet overtek sambanda som i dag blir drivne av Norled og FosenNamsos Sjø, i 2018.

– Med denne kontrakten går ein i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer samstundes totalforbruket av drivstoff vesentleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Samstundes vert sambanda dyrare for fylkeskommunen å drifte. Elektrifisering av ferjesambanda krev store investeringar til nye fartøy og anlegg på land, men store tilskot frå Enova og NOx-fondet skal gjere dette mogleg, heiter det vidare på bt.no