Elverksjef Håvard Singelstad har sendt oss pressemelding om opptrapping av streiken i energisektoren. Foto: Elin Erstad

Opptrapping av streiken i energisektoren 

Den 26. mai i år vart det brot i tarifforhandlingane mellom KS Bedrift og alle arbeidstakar-organisasjonane som er part i tariffavtalane Energiavtale I og Energiavtale II, og fitjarposten har fått pressemeldinga nedanfor frå Fitjar kraftlag SA.

Partane i konflikten vart kalla inn til mekling hos Riksmeklingsmannen den 21. september med frist for å verta einige 22. september kl. 24.00. Dessverre klarte ikkje partane i Energiavtale I å koma fram til semje, og dermed var streik eit faktum frå 23. september. 

EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat har varsla opptrapping, og dersom ikkje streiken vert avslutta innan måndag 24. september, vil Fitjar Kraftlag bli tatt ut i streik. Totalt er då 74 energibedrifter og 1091 ansatte i streik. 

Hovudårsaken til brotet i forhandlingane er usemje om vilkåra i tariffavtalen vedkomande kompensasjon for beredskapsvakt. Tariffavtalen vår har alltid følgt arbeidsmiljølova sin hovudregel om korleis beredskapsvakta skal kompenserast. Stortinget har endra hovudregelen, og KS bedrift meiner dette dermed bør følgjast opp i bedriftene. Arbeidstakarorganisasjonane på si side, ønskjer omkamp på lovendringa gjennom å tariffesta den gamle hovudregelen. 

Dagens samfunnsstruktur er svært sårbar dersom straumen forsvinn. Ved driftsforstyrringar i nettet ved streik, vil me gjera vårt yttarste for å minska verknaden av slike hendingar for kundane våre. Der det er fare for liv og helse (også dyrehelse), og ved utilbørleg skade for 3. person, vil det bli søkt om dispensasjon slik at leveransen av straum kan gjenopprettast. 

I streikeperioden vil me dessverre ikkje vera i stand til å gi kundane, entreprenørar og andre, den service ein er vant med frå selskapet. 

Informasjon og oppdatering vil bli lagt ut på våre internettsider etter kvart. 

Fitjar Kraftlag

Håvard Singelstad
Elverksjef