Førstelektor Arne Bygstad kjenner godt Rimbareid skule, og foredraget engasjerte både foreldre og lærarar. Foto: Kjetil Rydland.

– Skule og heim må dra lasset saman!

Overskrifta uttrykkjer essensen i det velformulerte og tankevekkjande foredraget som Arne Bygstad heldt for foreldre og lærarar ved Rimbareid skule tysdag kveld.

Førstelektoren i pedagogikk frå Høgskolen i Bergen har vore mentor for Rimbareid skule i eit utviklingsprosjekt om klasseleiing, og kjenner såleis skulen godt. I går var han invitert til å halda foredrag om samarbeid heim-skule, forventningar og grensesetjing, som ei avslutning på årsmøtet i FAU ved skulen. 

Dei føresette har hovudansvaret
I nesten to timar bergtok den kjende pedagogen, med 23 år bak seg som lærar, eit engasjert publikum i gymsalen. På ein lettfattleg måte gjorde han vitskaplege funn lett forståelege for oss. Han minte om at det er foreldra som etter barnelova har hovudansvaret for barns opplæring og oppseding, i samsvar med FNs Menneskerettsfråseg. Læraren og skulen har mandat til å hjelpa dei føresette. Både skule og heim er forplikta av Opplæringslova til å samarbeida, til elevens beste.

Vaksne må vera medvitne kva dei seier
Bygstad minte om at foreldra i sterk grad formar forventningane til elevane, og mante den vaksne forsamlinga til å vera bevisst kva me som vaksne seier. Foreldra må vega det dei formidlar til barna. Dei må støtta eleven i skulearbeidet, visa at skulearbeidet er viktig. Og det er viktig å ikkje fortelja om det vonde du sjølv har opplevd på skulen som barn. Det gagnar ingen.

Eleven har krav på å bli behandla med likeverd
Etter Opplæringslova har foreldre og elevar lov å forventa samarbeid, kristne og humanistiske verdiar og den nasjonale kulturarven. Skulen skal møta eleven med tillit og respekt, barna har krav på likeverd og ikkje diskriminering. Det er viktig at foreldre engasjerer seg i mobbesaker; i dei tilfelle der dei ikkje gjer det, utviklar ofte mobbinga seg i svært stygg retning.

Den kjende pedagogen er sterk tilhengar av omgrepet vi-skule; han streka under at det er våre elevar, våre klassar og våre barn – ikkje mine!

Velstand har gitt dårlege vanar
På sin stillfarne, men fagleg tungt forankra måte kom Bygstad med fleire alvorlege formaningar når det gjeld dårlege vanar hos barna våre. Norske barn søv i gjennomsnitt to timar mindre enn barn i andre europeiske land. Årsaka til dette er frigang til elektroniske hjelpemiddel, sa han, eit produkt av velstanden vår. Ungane har altfor ofte telefon, ipad og TV på rommet, og mange høyrer på musikk heile natta. Alt dette er uheldig for skuleprestasjonane. Dette skaper konsentrasjonsvanskar, sa han, barn har behov for ro!

– Enkelte barn unnskylder seg med at dei multitaskar, men det er berre tøys – multitasking er det ingen ting som heiter!

Vaksenkontakt er nødvendig
I dag har barn mindre vaksenkontakt enn før, men behovet for rettleiing er akkurat like stort. I mangel på vaksenkontakt går gjerne barn til heltane sine, frå reklame, sport og TV. Men denne rettleiinga er fragmentert, såkalla «virtuell rettleiing» er ikkje mykje verdt.

Kva er det som gjer at mobbinga ikkje går ned? Dette hadde ikkje Bygstad noko svar på; han undra seg over at innsatsen ikkje hadde gitt betre resultat. Ein av grunnane er at språkbruken er blitt meir aggressiv, ikkje minst på sosiale medim på internett. Det er viktig å setha grenser, og han peikte på at banning og ukvemsord er med og skaper utrygge miljø.

Bygstad avslutta med eit sitar av nobelprisvinnaren Eli Wiesel om kunnskap. «Kunnskap er ein ting, informasjon er noko anna … » Ein god lærar kan gjera informasjon om til kunnskap. Men kunnskap må spreiast i ein etisk samanheng. Den store utfordringa er å gjera informasjon om til kunnskap.

Skulearbeidet må få høgare prioritet
Norske barn har denne prioriteringa, sa Bygstad, fritid, venner, musikk, kropp/mote og skule føst på femteplass. Barn i Asia og Latin-Amerika prioriterer skulearbeid på førsteplass, påpeikte Bygstad. Her treng me ei forandring, me må finna fram til felles grenser i lag; dette går vi for! Me må bli samde om grensesetjing, me har alle høyrt unnskyldninga om at andre får lov! Det er viktig for barna våre at me talar med ei tunge.

Avgåande leiar i FAU ved Rimbareid skule, Victor Aga, takka føredragshaldaren for besøket, og alt han hadde fått å fordøya.

Åtvara mot mobbing på sosiale medium
Lærar Maria Solheim Thorsen fekk ordet til ein liten avslutningsappell. Ho minte om at Fitjar er ein MOT-kommune, og bad om at foreldre gir beskjed til skulen dersom dei oppdagar mobbing. Spesielt var ho oppteken av mobbing på sosiale medium. – Snakk i lag, og gi oss beskjed, slik at me kan ordna opp i situasjonen!


Kjerstin Stokken t.v. er både lærar og mor; Else Marie Kristiansen er mor til elevar ved Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.

 


Reidun Dyrøy er «sekretær» for ei gruppe engasjerte lærarar og foreldre under diskusjonen rundt borda. Foto: Kjetil Rydland.