Ellevilt dokketeater

Fitjar folkebibliotek og Fitjar kultur- og idrettsbygg inviterer til dokketeater førstkommande fredag.

Rebusløpet er eit ellevilt dokketeater basert på biletbøkene om «Reven og grisungen» av Bjørn F. Røyrvik. Teateret passar best for barn mellom 3-9 år.



– Rebusløpet er historien om reven og den retthala grisungen som får nyss om dåsemiklane sitt store rebusløp. Dei vil gjerne vere med, og blir etter kvart godtekne som deltakarar, men rebusløp er krevjande saker; spesielt når ein må svare på vanskelege spørsmål og finne sjeldne dyr; og spesielt når ein veldig gjerne vil vinne førstegevinsten – ein svingstol.


Herleg og surrealistisk for vaksne og born!, seier bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen.


Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar folkebibliotek.