Frå Smedholmen. Foto: FP-arkiv/HCH

Smedholmen nemnt i praktbok om Oselvaren

 «Kystkulturell pionerverksemd på Smedholmen i nytt storverk om Oselvaren» var overskrifta i ei pressemelding om ei ny bok om Oselvaren som vert lansert denne veka.


 Frå pressemeldinga har me elles saksa følgjande utsegn:

«Då Atle Tellnes starta opp kystkulturell pedagogisk verksemd på Smedholmen i 1976 vart staden ein pionerstad for bruk av tradisjonelle båtar som undervisningsreiskap. Seinare har som kjent Einar Matre og Terje Skorpen halde stø kurs for at kystkulturen skal ha gode kår på Smedholmen.

Denne tradisjonelle klinkbygde trebåten har vore i bruk i mange hundre år langs den sørvestlandske kyststripa, og båttypen har røter fleire tusen år attende. Oselvar-begrepet stammar frå Os i Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 1800-talet, og er i dag framleis nytta som fritidsbåt. 

Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern av Det Norske Kulturdepartementet. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar – den levande båten.

Les meir og sjå bilete av boka her.

Desse oselvar-entusiastane lagde me ei sak om i mai. Foto: FP-arkiv/HCH