Frå starten på Minidalten i 2013. FP-arkiv/HCH

Fitjardalten på søndag

Førstkomande søndag er det igjen duka for Fitjardalten, eit tradisjonsrikt arrangement som i år vert arrangert for 34. gong.

Start er innkomst vert ved Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, og for dei som vil springe går starten kl 13.00, og løypa er 6,2 km med følgjande klasseinndeling:

Yngre junior: 0-14 år
Junior: 15 -18 år
Senior: 19 – 44 år
Senior +: 45-64 år
Senior ++: 65 år –

Påmelding kr. 200,- . (Yngre junior og Minidalten gratis)

Minidalten startar kl 13.05

Turmarsj kl 11.00

– Hugs at detteog er innsamlingssøndag (TV-aksjon) til inntekt for Røde Kors sitt arbeid i krigsråka strøk, seier Ole Bergesen.